Eg høyrer heime i livet
På torsdag var det dagen for boklansering på biblioteket. Både på torsdagen og dagane før tikka det inn meldingar frå folk som sa at dei hadde hatt lyst til å koma, men at dei dessverre skulle noko anna. Det var og mange som kom bort til meg for å fortelja meg det same. Det var viss heitl feil dag me hadde vald med konsert i kyrkja, korøvingar, foreldreforestillingar, foreldresamtalar, kurs og andre kryssande arrangement. Eg tenkte at me kunne ha fyld opp salen med alle dei som ikkje kunne koma dersom dei hadde kunna koma. Eg var veldig spent på kor mange som kom til å dukka opp, men var bestemt på om det bare var ti stykker som var der, så ville me gjera alt me kunne for å gje dei ei god oppleving. Meir enn ein time før arrangementet begynte var me på plass for å øva oss igjennom deler av forestillinga. Det er alltid greitt å vita at det me skal gjera er mest mogleg på plass.
Då klokka nærma seg halv åtte, viste det seg at det var masse folk som ville inn og høyra sjølv om veldig mange av dei eg kjende var opptekne med andre ting. Til slutt måtte dei til og med henta inn fleire stolar for å få plass til alle. Eg opplevde det veldig fint å få lov til å dela tekstar, bilete og musikk. Orda har røtene sine i mine eigne erfaringar, tankar og følelsar og det er sterkt og flott å få lov til å formidla noko av det som er viktig for meg i ei form eg trivst med å bera med meg.
Det var kjekt å ha to babyar i salen som slo til med å laga babylydar akkurat i det eg skulle lesa dikta om å venta på å bli mormor. Det var fint å ha både foreldre, nære venner, bror, barn, svigerbarn og niese i salen og at til og med den vesle mormorjenta Iben, var til stades, toppa det heile. Etterpå var det mange som vart igjen for å kjøpa bøker og slå av ein prat, akkurat slik eg hadde håpa. Det vart nesten som å halda eit stort selskap med svært enkel bevertning. Å få Sunniva heim frå Valencia er kjempekjekt, og det er koseleg at kjærasten hennar, Trygve kom frå Oslo for å vera i lag med henne og oss dei dagane ho er heime.
På biletet over ser de meg og lillebror Jan med trehjulssyklane utanfor huset me budde i på Bryne. Eg les eit dikt om å ta med seg dei gode tinga frå barnfomen i ein ryggsekk på ryggen til seinare bruk.
Sidan eg er typen som stadig vekk og heilt uforvarande går med jakken på vranga, og mascaraen under auga, stadig gløymer lommeboka og presterer å kjøra på høge tårn av vaniljesaus i den næraste Kiwibutikken, så har eg heldigvis ein viss coping-kompetanse på å takla ting som går gale. Då me fekk boka vår levert på huset i omtrent same halvtimen som me vart besteforeldre, var me imponerte over at me ikkje fann ein einaste trykkfeil. Denne gongen måtte me ha klart korrekturlesinga betre enn nokon gong… Den store tabben vart ikkje oppdaga før me hadde besøk av ein journalist sist fredag morgon. Eg ville visa henne titteldiktet «Eg høyrer heime i livet» som eg tenkjer som ei slags ryggrad til boka ved same namn. Eg fann ikkje diktet der eg trudde det var, og vart sitjande og leita… Først eit par timar seinare vart eg nøydd til å innsjå at diktet rett og slett har falt ut av manus under siste korrekturlesinga då me omplasserte nokre dikt for å få bileta endå meir slik me ville ha dei. Nå var det bare å tenkja løysingar. Eit laust ark inne i boka kjendest ikkje som noko god løysing og å få 800 bøker trykte på ny, kunne me bare gløyma… Då Torhild kom for å øva var det ho som lanserte løysinga me gjekk for. Ho sa: «Laminer diktet og legg det inn som bokmerke. Då vil dei bli minna om at dei høyrer heime i livet kvar gong dei opnar boka. Og slik vart det…
Sjølvsagt er det ikkje ei fullgod løysing at diktet er laust i boka, så nå må eg nesten skriva ei ny diktbok slik at det ein gong kan få bu fast mellom to permar… Pass på at diktet er med viss du kjøper boka. Eg tek det med her slik at det i alle fall er blitt publisert skikkeleg ein plass. Det er skrive på ein kafe den dagen i fjor sommar då eg og Leif sykla rundt i Berlin. Eg tenkte så masse på ei venninne som var alvorleg sjuk, og sende diktet til henne frå i-paden min medan me sat på kafeen i håp om at det kunne vera litt til hjelp å ha eit dikt å halda seg fast i. I ettertid har eg funne ut at det er godt for meg sjølv og å halda meg fast i desse orda…
Eg høyrer heime i livet
Eg høyrer heime i livet,
eg lener meg mot sterkare hender,
og kjenner dei ber meg
når eg ikkje sjølv orkar bera.
Trygg ligg eg der
med hendene rundt meg
som ein fjørlaus fugleunge i eit trygt reir.
Der ligg eg mellom stjerner og planetar,
mellom kvardagane og det heilage,
mellom fødsel og alderdom,
mellom barndomen og alt eg ikkje veit kva er.
Alt eg veit er kjærleiken,
at han er skapt for å bera meg
stille og utan store fakter,
heilt til eg ein morgon,
utan å skjøna kva som skjer,
strekkjer vengene ut
og kjenner eg kan fly att.
Heidi
Fantastisk bok, Heidi! Gler meg over dikt og bilete.. «Å vera menneske i juni» inspirerte te skriva:
junimenneske
…kva gjer me så
kva syng ein på
når junisol treff panne, hals
og litletå
og grip dei bleike hender
og byd oss inn i sommarland
på endelause strender
junimenneske
eg kjenner sol som skin
og bit og brenn
og skuggen rein
som svalar hud og hår,
armar, bein
eg kjenner ho
som tok mi hand
men korkje lier eller dalar
som kan måla seg med deg
du hei og blakke myr og tjern
som ligg der og blenkjer og fløymer
og speglar ei tid som svann
ei kjærleiksbru som stod i brann
ei juninatt som alltid mot meg strøymer
i junisong ein aldri, aldri gløymer
junimenneske
…kva gjer ein då
kva veit me vel
når junidag
tek tak i blikk og kinn
og ljosast natt finn tonen sin
og valsar inn i sommargry
der skuggane ber ange
av sevje og syrin..
junibarn, junisyster, junibror
er det deg og meg det
og alle dei som
spring att og om
i eit j-univers
og gøymer seg i kor
bak sanddyner og ord
som fyk kornimellom
i ei Sankthansnatt
når tåreperse- juni
syng på tredje høge ters
Jarfeld