Så kjekt med gilde samarbeid
For B-menneske som meg er det alltid fint å få ein ekstra time ei natt. Denne gongen passa det ekstra godt for me hadde ein veldig gild invitasjon på lørdagskvelden til å eta middag i ei hytte på Sele i lag med gilde venner. Utanfor piska stormen og regnet, og det var så fint å vera der med masse stearinlys og varme på peisen. Det er Margunn og Ulf som hr fått seg hytte ute i havgapet. For meg var det eit ekstra gild spenningsmoment denne kvelden i det at eg har samarbeida med Ulf om seks av mine visetekstar som han ville laga melodi til. Resultatet vart så fint at nå er eg heilt gira på at dette har eg lyst til at folk skal få høyra. Det kjem nok ei råd.
Eg er så glad i samarbeid av den typen der me får eit sluttresultat som dei som samarbeidar aldri kunne fått til aleine. Det er og kjekt å samarbeida med Leif som tek bilete, og Ingrid som teiknar. I sommar var det utruleg kjekt å laga ei lita miniforestilling med mine tekstar og Carl Petter Opsahl sine improvisasjonar på ulike klarinettar. Me har veldig lyst til å gjera noko liknande i litt større skala, bare upraktisk at me bur så langt vekke frå kvarandre og at begge har så mange ballar i lufta, men det ordnar seg kanskje ein sjanse etterkvart.
Musikalske samarbeidspartnarar set eg ekstra stor pris på. Det ville vore praktisk viss eg var ein flink songar og ein begava musikar, men det er dessverre veldig langt frå dei korta eg har fått på handa. Eg ser for meg at me er laga med kvar våre talent for å kunna utfylla kvarandre og leggja fine puslespel saman.
I kveld har eg lagt siste hand på kjøreplanen for forestillinga på biblioteket på torsdag der eg skal i musikalsk samarbeid med Torhild som skal kommentera tekstane mine med pianomusikk slik at orda får tid til å synka, og Leif skal leggja på bilette på storskjerm. Det er veldig mange som seier at dei ville likt å koma, men at dei dessverre skal ut på noko anna. Nokre passar det nok for, og uansett kor mange som kjem, så skal me så godt me kan prøva å skapa ei god oppleving for dei som er der. Som vanlig skrid eg til verket med skrekkblanda fryd, men eg synest det er kjekt å gjera slike ting. Det får vera min form for ekstremsport. Basehopping og hanggliding er meg uendeleg fjernt.
Som sagt så passa det godt med ein ekstra time natt til sundag, for i går skulle eg vera med på ein annan form for samarbeid. Eg var med på å ha flaggermusverkstad, ein formingsverkstad for barn på Hå gamle prestegård som ein del av eit halloweenarrangement. Det var veldig hektisk og veldig kjekt. Etter alt regnet på lørdag, var det nesten uverkeleg å oppdaga at sola skein der ute. På kjøreturen ut til Hå høyrde eg på klassisk musikk på radioen, og naturen var så vakker at eg nesten hadde lyst til å ta til tårene. Stormen hadde lagt seg, men var framleis å sjå i dønningane. Det var ikkje så lett å fanga det med eit mobilkamera, men bølgespruten slo himmelhøgt over landskapet.
Og då eg reiste der i frå var den blå timen alt på veg. Den sterke vertikale lysskya var endå sterkare i verkelegheita.
Etterpå vart sundagen avslutta på beste måten med middag i lag med barn og svigerbarn og barnebarn, og om to dagar kjem Sunniva heim på ferie og tek med seg kjærasten sin. Det blir fint.
Heidi