Gå til innhald

Sofia -Thessaloniki

juli 30, 2018

Me starta dagen på marknad, eller kanskje snarare ein tur på torget. Litt tilfeldig kom me over eit stort område som kallast noko som på norsk kan oversetjast til «Damenes basar». Der har det i hundrevis av år blitt solgt frukt, grønnsaker, bakevarer, honning, bær, blomar og klede. Eg trur det meste av det som vart solgt der er produsert av bønder i områda rundt Sofia.

 

Det var ei stemning der som om me var mange år tilbake i tid. Det kjendest nesten som å gå rundt i ein gammal film med veldig fine bilete der dei norske tekstane var falt ut.

Me ville ha oss litt lunsj før me skulle bruka resten av dagen på toget, og gjekk den plassen me var så fornøgde med dagen før. På Happy gjorde eg eit litt modig val og bestilte spinatkaker med yoghurtsaus. Det smakte veldig godt, så det kan eg godt eta fleire gonger.

80FE03D5-8ECF-41CF-86C2-49C9A3EA6553

Via litt om og men hadde me klart å få togbillettar til Thessaloniki. Dei på stasjonen var ikkje så stive i engelsk, så me var ikkje heilt oppdaterte på detaljane, men me hadde lese på nettet at me ville bli frakta over grensa med buss og få eit gresk tog på den andre sida.

DF1E358D-D4B7-42EC-BF0A-3D460297DE1A

Togsettet me skulle inn i overgjekk det meste me har sett til nå. Toget såg utruleg rusta, skranglete og nedslitt. Etter å ha blitt forsikra to gonger av konduktøren på perrongen om at det var rett to, gjekk me inn.

B30D4695-8FC0-4C2E-8764-533DE6E7563F

Det var litt underhaldande å sjå ut av vindauget og sjå andre ryggsekkturister gjera det same som oss, peika vantru på toget og få bekrefta av konduktørdama på perrongen at jo, dette var rett tog. Ho smilte like tappert kvar gong, eller kanskje snarare med eit glimt i auga over desse bortskjemde menneska som ikkje visste korleis eit bulgarsk tog såg ut.

Så reiste me då. Det humpa ganske godt, og kvein forferdeleg i bremsene kvar gong dei var på, men framover gjekk det.

Bulgaria er det fattigaste landet i  EU, og me kjørde forbi eit veldig fattig buområde med rønner dekte med bølgeblikktak eller pappøskjer, men me såg og fine solsikkeåkrar, vakker natur, husdyrflokkar på beite og koselege små gardar.

For mange på toget var det ei overrasking at me skulle fraktast over grensa med buss, men både grenseovergangen og bussturen gjekk fort og greitt. Den store overraskinga var at då me vart sette av på ein bitteliten stasjon i Hellas, var det ingen tog der, og ingen av oss ante når toget skulle koma.

Dei seksten andre passasjerane var interrailarar i tjueåra, og alle tok situasjonen heilt med ro. Dei meinte at toget kom nok før eller seinare. Folk sette seg ned på perrongen og tok opp matpakkar, mobiler og dagbøker. Ein villhundflokk kom springande. Dei visste kanskje at på denne tida kvar dag kom det turistar som kunne tenkjast å gje dei mat. Ei tispe hadde fire nydelege og  lekne valpar. Hundane var skitne og klødde seg heile tida, så dei hadde nok lopper. Folk lo og leika med hundane, og eg bestemte meg for å ikkje vera ho gamle sure som maste om rabies og sånn.

Folk begynte å snakka saman. Ei engelsk jente og ein gut frå Paris reiste omkring aleine. Dei andre frå Australia, Sveits og nokre austeuropeiske land reiste to eller fleire saman.  Alle kunne vore barna våre. Me har ikkje møtt så mange på vår alder som reiser på denne måten, så det er kanskje vanlegare i Norge enn lenger sør.

 

Den halvannan timen me venta på perrongen vart i grunnen veldig triveleg. Eg beundra alle saman for at dei tok ei uventa opphald med stor humørfylt ro. Eg har ein mistanke om at atten femtiåringar ville ha gira seg meir opp. Og så synest eg at heilt unge mennesker som reiser rundt aleine i ein månad er ganske modige. Eg hadde aldri våga det, verken den gongen eller nå.

Eg spurde engelske Hannah koss det var å reisa aleine. Ho sa «it’s like a party, you meet  new nice people everywhere. Ho var då og ei veldig søt, open og utadvendt jente som var med på å skapa god stemning i den uventa pausen. Ho innrømma forresten at mora hadde vore litt skeptisk…

Og til slutt kom det ein stasjonsmeister, som ikkje snakka engelsk, men som fekk oss trygt på toget. Eit gresk tog som fortonte seg som reine komfortvogna, sjølv om det var eit stykke att til NSB -standard.

I morgon er det Hellas som gjeld.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: