Dei Harboe held sundag i Sofia
Då me kom til hotellet seint i går kveld, var det heilt mørkt, så me oppdaga først i dag morges at det faktisk var ein balkong utanfor det bittelille hotellromet vårt. Utsikta var fin og. Den kan de sjå til venstre.
Etter frokosten og ein underhaldande morgonchat med barnebarnet på ni månadar på skjermen, la me i veg til fots for å oppleva Sofia.
Den første staden for å vera stille, var faktisk i moskeen som var open for besøk. Alle kvinnene som skulle inn måtte låna eit sjal å dekkja håret med, og alle som ville inn måtte ta av seg på føtene. Inne var det ikkje lov å fotografera, men det var eit vakkert rom med dekorerte fliser i taket. Eg var og oppe på den balkongen som er bare for kvinnene. Det var ikkje bønnetid då me var der, men eg kunne sjå at for nokre av dei som kom inn var dette eit heilag rom som dei ville bruka til å be i. Eg har forresten ingen problem med å setja meg stille ned for å be til Gud i ein moské. Det var ei fin ro der inne.
Etterpå gjekk me inn ei ei vakker ortodoks kyrkje, både for å ha ei heilag stund i det vakre romet og for å forska vidare på mitt private opplevelsesprosjekt av ortodoks trusutøving…
I dag oppdaga eg nye ting der, men framleis er det mykje eg ikkje forstår. Ein familie med fleire generasjonar stod framme i kyrkja med kvart sitt tende lys i handa. Presten haldt ein av dei i handa og prata med dei kvar for seg. Etterpå trur eg at han gav dei nattverdsbrød, men det er eg ikkje heilt sikker på. Etter å ha snakka med kvar einskild, tok han i mot det brennande lyset vedkomande hadde i handa.
Då dei hadde gått, viste det seg at bordet han hadde brød på var eit trillebord med duk på. Presten trilla med seg dette bordet ut av kyrkja og inn i noko som kanskje var eit sakristi.
I kyrkja var det minst fire personar, to kvinner og to menn, som må ha vore ein slags kyrkjetenarar. Dei var kledde i ein slags lange svarte lagerfrakkar, og på føtene hadde dei svarte sandalar, tøfler eller Crocs. Dei feia golvet, bar ut visne blomar, tok ut nedbrente lys og passa på at ingen fotograferte utan lov.
Me sat på kvar vår stol, eg og Leif, då ein av dei svartkledde mennene kom bort til oss. Leif fekk tilsnakk fordi han hadde fotografert med mobilen, noko eg hadde ei viss forståing for. Så fortalde han oss at det var lov å fotografera der inne viss me betalte for ein fotograferingsbillett. Så kom han bort til meg og viste med kroppsspråket at eg måtte sitja med kryssa føter viss eg skulle sitja der. Eg skunda meg å gjera som han bad meg om. Det kjentest litt ubehageleg å få skjenn for å ikkje oppføra seg sømmeleg nok i ei ortodoks kyrkje, men det var viss ikkje så farleg for han smilte trøystande då eg fulgte ordre etter beste evne. Så tusla eg bort til salgsluka for å kjøpa fire tynne lys eg kunne tenna og dessutan eit fotograferingsløyve.
Det viste seg at pengane for fotografering gjekk til drift av kyrkja, og det var jo i grunnen bare fint. Etter nokre rolege minutt med lystenning, begynte eg å fotografera, eg såg mange fine motiv og syntest det var storveies å kunna fotografera heilt openlyst. Plutseleg kom det ei stor hand framfor mobilen min.
Det var den andre mannen i svart lagerfrakk som stod der og såg strengt på meg. Eg fekk stotra fram at eg hadde betalt for å fotografera og begynte å leita febrilsk i veska etter kvitteringa. Heldigvis fann eg ho. Mannen sa «Thank you», og så gjekk han.
Roa i kyrkja vart grundig forstyrra av noko forferdeleg spetakkel utanfor. Me gjekk ut for å sjå kva det var, og på vegen smilte eg så fint eg kunne til dei svartkledde med lagerfrakk og sandalar.
Lyden viste seg å koma frå motorsykkelklubben «Devil riders». Dei ruste syklane sine det dei var gode for, og tuta med horna. Det lukta svidd gummi i gatene. Dette viste seg å ikkje vera ein protest mot fromme aktivitetar inne i kyrkja. Dei var rett og slett del sv eit brudefylgje. I ein bil, pynta med blomar på panseret, sat det eit brudepar. Bak dei kom resten av gjestene på rekkje og rad medan sjåførane tuta med bilhorn så godt dei kunne. Motorsyklistane raste rundt i gatene og ruste syklane så det bokstaveleg talt låg svart gummi att etter hjula. Kanskje den smilande brudgommen var ein Devil-rider han og? Noko måtte vel oppvisninga vera til ære for…
Etter ein lett lunsj, for mitt vedkomande heimebakt brød som skulle dyppast i små skåler med hummus og osteblandingar, gjekk me til t-banestasjonen og kjøpte dagsbillettar til trikk og tog. Me hoppa på den første trikken som kom, og det var i grevens tid. Det hadde tordna og lynt ei stund allereie og så snart me var inne på trikken opna himmelslusene seg og høljeregnet bøtta ned.
Me tok trikken tilendestasjonen, som viste seg å vera den store gravplassen i Sofia. Det hadde nesten blitt opphald, så me gjekk ein liten runde inn på kykjegarden. På nesten alle dei nye gravene me såg var det portrett av avdøde. Det er litt uvant. Kva bilete skal ein velgja til eigen gravstein? Eit formelt og alvorleg fotografportrett, eller eit smilebilete frå ein ferietur? Me såg begge deler. Ein annan skikk her er at dei heng opp laminerte bilete av personar som har døydd, rundt i byen. Det er nok ein variant av dødsannonse i avis. Det er og litt uvant, og eg ser at nokre av dei blir hengande i eit halvår eller meir på lyktestolpar og hagegjerde.
Etter trikketuren, kom ei ny regnbyge, så då passa det med sundagskaffi og skrivepause på eit konditori. Litt kake på ein feriesundag må vel vera lov. Det er så mange inntrykk når ein reiser rundt på denne måten, så det er bra at notatbok og penn alltid er på plass i veska.
Kva er endå meir eksentrisk enn å bruka ferien på å sitja på konditori og skriva dikt? Kanskje å hoppa på ein T-bane me ikkje veit kor skal hen, ta han til nest siste stopp, og så gå ut for å sjå kva ein møter? Leif vil alltid gjerne sjå korleis folk eigentleg bur og lever, og dessutan hadde han ein draum om å fotografera ein lada eller to, sidan det var bilen me kjørde rundt i for tretti år sidan.
Ein fin sundag vart avslutta med veldig god middag. Eg var skeptisk til staden fordi det såg litt gatekjøkkenaktig ut frå utsida, men det viste seg å vera eit stort utval av all slags mat der inne. Eg trur det er det beste måltidet til nå på turen. Eg hadde grilla laks på ei seng av potetmos og spinat og Leif hadde ein slags griljert kvit fisk. Tilbehøyret var steikte chili, som ikkje kan ha vore av det sterkaste slaget.
Heidi