Gå til innhald

Heimekontor i Thessaloniki, eller kanskje første Tessalonikarbrev…

juli 31, 2018

Det var spennande å vakna i Thessaloniki og sjå korleis det ser ut her, for i går då me kom var det mørkt. Det er aller første gongen i Hellas for oss begge to. Den sommaren me var i Makedonia hadde me planlagd å dra innom denne byen på heimvegen, men det vart for kronglete å få det til med buss og tog. Krakow og Thessaloniki er byane me aldri kom til, så det er fint at me har fått med begge i denne runden.

Dagen begynte med praktiske syslar. Etterkvart var det meir skitne enn reine klær i ryggsekken, og me hadde håpa å kunna få vaska litt, med gresk varme som ein grei faktor for klestørk. Me hadde smugla inn vaskepulvar og klessnor på hotellromet, men me innsåg at på ein bitteliten balkong var det ikkje plass til tørk av heile klesvasken.  Løysinga vart at me vaska dei minste plagga her mens Leif la i veg med bukser og T-skjorter til eit vaskeri i sentrum. I mens vart eg igjen på hotellet for å driva språkvask. Det er like før læreboka i skapande skriving går i trykken, og takka vere sosiale medier kan eg samarbeida med Thomas og Mari sjølv om me er midt i kvar våre ferier. Det får meg i godt humør å tenkja at nå har eg heimekontor i Thessaloniki.

Leif ringde og sa at nå var kleda reine, han foreslo at me skulle møtast i sentrum i staden for at han kom tilbake. Eg lurte på om han hadde tenkt å bera på eit kiwinett med reine bukser resten av dagen, men det var ikkje noko problem, meinte han.

Eg har verdas dårlegaste innebygde navigasjonskompass, men det skulle vera lett å finna fram, så det skulle vel gå. Mitt førsteinntrykk av Hellas på dagtid var at det er veldig varmt, veldig livlig og veldig mykje lyd. Det er bilar overalt og dei tutar med horna og rusar med gassen når dei finn det påkrevd.

«Do you want to try our restaurant, Madame?» » Free perfume, madame?» Eg ristar på hovudet, smiler høfleg og takkar nei så avvisande og fint eg kan. Nokon plystrar bak ryggen min, eg er rimeleg sikker på at plystringa ikkje gjeld meg, så eg snur meg ikkje. «Madame?» Ein tynn mannstemme bak meg får meg til å snu meg halvt. I det same rykkar nokon hardt og bestemt i skulderreima på veska mi. Ein person har kome ut frå eit portrom eller ei sidegate. Nokon prøver å rana meg. Eg får hjartet opp i halsen. Før eg får bestemt meg for om eg skal sparka, slå, skrika eller gje vekk veska, ser eg at det er Leif. Kanskje godt for han at eg oppdaga det i tide.

ABB517B4-0D00-4ECD-AC75-20B7F7DFC4B7

Leif hadde funne ein liten gresk restaurant der me kunne eta lunsj og soltørka den kjolen som ikkje kunne tørketromlast.

Etterpå vandra me i basarhallane der du kunne sjå på mens slaktaren hogde opp kjøt til deg med ei enorm kjøttøks under eit nyslakta gigantisk kuhode med kutunga hengande halvvegs til golvet. Du kunne og venta medan snekkaren hamra saman ein solstol til deg. Så gjekk me ned til strandpromenaden der bilane tuta og kjørde forbi kvarandre. Havet var nydeleg. Kaffien var dyr og smakte godt. Det var vel helst utsikta me betalte for, men kaffien kom i lag med ei flaske vatn og eit lite fat med kjeks og ein bitteliten muffins. Truleg som ein konsekvens av at Hellas  er eit varmt land, blir all drikke servert med vatn. Til lunsjen bestilte eg ei flaske farris og fekk servert eit glas vatn til.

Det begynte å tordna, og dei første regndropane kom, så me bestemte oss for at det var ein god ide å setja oss på ein sightseeingbuss av hopp- på- hopp -av- typen. Eg elskar slike bussar. Reisekameraten er litt meir splitta på den formen for turisme.

0A85DADF-A2E7-4C22-A917-F313669AFB19

Bussjåføren tok oss først med på ein runde i byen, så styrde han med sikker hand opp smale bratte svingete vegar opp til toppen av byen der det stod ein eldgammal borgmur som skulle beskytta innbyggjarane i tilfelle krig. Utsikten der oppe var fantastisk, og me bestemte oss for å hoppa av.

Etter ein pause for å nyta utsikten, bestemmer me oss for å gå ned att til fots i staden for å ta bussen vidare. Det spørst veldig om me vil koma opp dit fleire gonger på desse få dagane, så dette var nok vår sjanse til å sjå oss om i dette området. Dessutan var det mykje mindre støy her oppe. Me gjekk nedover på smale bratte vegar mellom gamle hus. Nokre stadar var gatene så bratte at dei rett og slett var gjorde om til trapper. Dette viste seg å vera eit ynda område for gatekattane i byen.

Byen er eldgammal. Då apostelen Paulus kom hit for snart 2000 år sidan var det ein viktig by, og ein by som var ein smeltedigel av ulike folkeslag. Det budde mange jødar der, og som jøde var det naturleg for han å kontakta dei først og ta del i livet i synagogen. Dei rauk uklar om lærespørsmål, og Paulus starta den første kyrkja her. Nokre meiner at i fylgje skriftene var han her bare i to veker, mens andre meiner han var her lenger. I bibelen står det to brev han skreiv til kyrkja han hadde starta i Tessalonika.

Her i byen er det mange gamle kyrkjer og minnesmerke om farne dagar. Me prøvde å koma inn i kyrkja bygd for den heilage Elias, men dørene var stengde. Denne kyrkja var i fleire år omgjort til moské. Ein stor flokk ungar sparka fotball på området rett utanfor kyrkjedøra, og det såg det ut som dei fekk lov til. Me såg og ungar leika i eldgamle ruinar som hadde fått stå. Det er i grunnen fint at ungar får leika på stader der det utan tvil har vore knallhard strid. Så lenge det finst ungar så finst det håp, syng Cornelis Vreesvijk, og det held eg med han i.

04E02D07-9645-4FD6-AE2A-3124F2C62A72

Me prøvde i staden å gå inn i ei anna gammal kyrkje. Me kom inn,såg presten stå og messa, og såg fram til å setja oss ned i fred og andakt. Ein mann, utan lang svart lagerfrakk denne gongen, kom og gav teikn på at me måtte snu, me fekk ikkje koma inn… Leif spurde fint om det var stengd på grunn av messa og mannen svarte at det var lov for alle å koma på messe, men me var ikkje «properly dressed». Ein kunne ikkje koma inn i kyrkja i shorts. Eg forstår jo det på  ein måte, men det var 32 grader ute og shortsane våre var av det nokså anstendige slaget som stoppa rett over kneet. Kanskje eg får ta på kjole i morgon, så slepp eg vel inn. Det er verre med reisekameraten som ikkje trur han gidd å kjøpa ei langbukse for å koma inn i kyrkja. Mannen har for så vidt ein bryllaupsdress i kofferten, så reint teknisk burde det la seg gjera å bli sømmeleg nok.  At dei som kjem til kyrkja for å be kan bli forstyrra av skrålande, blitsande menneske i bikini som kjem inn for å fotografera, kan det faktisk la seg gjera å forstå.

I staden for messe så vart det middag/ kveldsmat på ein liten restaurant som såg ut til å vera driven av unge entusiastar. Menyen var litt alternativ. Eg bestilde ein tallerken med ulike greske ostar med krustasjar, tomatsyltetøy og aprikospure.

8BC48624-C2DF-4D46-B045-99DD2CD1ED0F

Retten såg  slik ut. Det kvite er gresk ost, det raude tomatsyltetøy, det mørke er små skiver av heilt mørkt brød som er tørka i ovnen til det nivået der ein må passa godt på tennene under tygging. Det gule er tynne skiver av nektarin. Dei ulike ostebitane hadde litt forskjellig smak, men alle kunne minna om fetaost, men var mykje hardare. Det smakte godt, men porsjonen var så stor at eg ikkje hadde sjanse til å eta opp. Av og til er porsjonane rett og slett alt for store…

Kvelden vart avslutta på verandaen der det var varmt og godt, men med øyredøyvande lyd, fordi det går ein firefelts veg rett under oss. Her me bur i sjuande etasje må me bøya oss ut for å sjå vegen. Ser me rett fram ser me rett på nabohuset tvers over gata som har leiligheter med gardiner, klesvask til tørk på verandaane og ein heil liten skog av antennar på taket.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: