Gå til innhald

Min puslespelbit

april 22, 2020

Ein puslespelbit

Slik har det blitt
livet mitt:
Eg står med ein puslespelbit
som ein oblat i opne hender.
Eg studerer taggar og bogar
som livet har forma
og leitar etter det rette puslespelet til leggja det ned i.

Eg skal nok finna fram.
Eg ser heilt tydeleg
ein liten bit av noko større og finare.

***
I dag har eg lyst til å sitera litt frå ein av dei personane eg har verkeleg stor respekt for, Martin Lönnebo.

Vær stille, lytt og se

Mennesket er stort som åpent, men liten som lukket. Åpne deg mot det Store og lytt etter dets an-rop til deg. Først da vet du hva ditt rette an-svar er. Se på alt og alle som om det var et budskap du er klar til å ta i mot…
…Vær åpen mot det store fellesskapet som er mellom mennesker, dyr og hele naturen. Og alt hviler i det vi kaller Gud. (Martin Lönnebo, Veven)
***

Det har vore nok ein strålande vakker vårdag. Me to som har heimekontor her i huset vart overraska av heftig dørklokkeringing ved lunsjtider. Administrasjonen på skulen til Leif hadde bestemt seg for å overraska dei tilsette med ostelunsj frå ein lokal restaurant. Me fekk ulike kortreiste og spennande ostar, heimebakt knekkebrød og brød og i tillegg sylta gulrot, sylta tomat og agurk i heimelaga lake. Min kavaler av ein mann inviterte på arbeidslunsj ved kjøkkenbordet, for han meinte det måtte vera nok til to. Det var det, og framleis står det meir ost i kjøleskapet. For ei koseleg overrasking.

Det er rart korleis aprilsola lyser og avslører. For ei veke sidan syntest eg at me hadde det rimeleg ryddig og reint både i og rundt huset. Nå ser eg kor mykje som bør gjerast på både den eine og den andre arenaen, men kjem tid kjem råd. Ettermiddagsturen vart ein gåtur som kunne kombinerast med henting av gullunge. Ikkje før var ho i vogna før bestillingen kom: «Mommor kan du fortelja om Jøhette?» Skarre-r-en hennar er på plass, men først i ord blir han merkeleg nok ofte til ein j, inni ord kan han bli til ein mellomting mellom amerikansk r og gammaldags Bjerkreims- r, medan ende-r som i mommor skarrar så det er ein fryd. Fascinerande greier, og sikkert mest interessant for eit lite fåtal av lesarar, så her og nå skal eg ikkje fordjupa meg i språkutviklingsprat.

Nå har eg fortald, fortald og fortald om «Jøhette, Bukke Buse og Pannekagå» i så mange omgangar at det kanskje er på tide å utvida repertoaret. Eg lurer på om Gullhår og dei tre bjørnane kunne vera noko, og kanskje Pepperkakemannen, som vel eigentleg er ein variant av Pannekaka. Hans og Grete og Smørbukk tenkjer eg me ventar litt med…

I kveld har eg for første gong i mitt liv arrangert «digital forening». Eigentleg skulle eg ha fylt huset med venninner og dekka bord med blomar og god mat, men me innsåg at det nok ikkje er i tråd med Folkehelseinstituttet sine retningslinjer. Derfor møttest me på ein chatte-plattform og oppdaterte kvarandre om kva retningar livet har teke under Koronakrisa. Det følest som om me har levd på denne alternative måten veldig lenge, samtidig som det i verkelegheita er eit relativt kort tidsrom. På slutten av ein slik jentekveld sit me alltid og blar i avtalebøker, både fysiske og elektroniske, for å prøva å finna ein ny dato då alle kan møtast. Aldri før på dei 33 åra me har møttest på den måten har me hatt så mange reine sider i almanakkane. Me innsåg at det var lite truleg å kunna møtast til eit vanleg treff i mai heller, så me sette opp ein ny kveld for sosial omgang via nettet.

Me lurer vel alle på kor lang tid det vil ta før me kan vera i lag med andre menneske på «vanleg» måte igjen. Dei fleste av oss har vel innsett at det faktisk kan ta ei tid… Men me får ta ein dag om gongen og la kvar dag koma med sine gleder og utfordringar. Martin Lönnebo seier forøvrig at det å leva eit øyeblikk om gongen er ein fin måte å forlenga livet på. Då hastar ein ikkje i veg på jakt mot høgdepunkta utan å sjå seg føre, men ein let kvart minutt koma som om det var sjølve livet, noko det faktisk viser seg å vera.

Sjølv er eg så pass flink til å ta eit minutt om gongen utover nettene at eg fortrengjer tanken på ein vekkjarklokke-alarm ikkje alt for lange tider fram i tid. Eg er litt usikker på i kor stor grad akkurat det kan reknast som positivt. Når klokka bikkar midnatt er eg veldig ofte lys vaken og kjenner ikkje noko som helst behov for «å sova vekk livet mitt». Neste morgon stiller det seg litt annleis… Eg vinkar litt ekstra vennleg til mine medmenneske som er B-menneske fanga i eit samfunn av morgonfuglar. Eg har aldri klart heilt å forsona meg med at verkeleg flinke samfunnsborgarar legg seg klokka halv ti og er ute og joggar i halv seks-tida neste morgon. Kanskje det er ein fordel at «God morgon-filmen» til heimeskulen er innspelt klokka ti om kvelden? Det får meg kanskje til å sjå morgonfrisk og opplagt ut… Ein bieffekt av Korona er forøvrig at eg nesten har vend meg til å sjå mitt eige ansikt på skjerm… Det er mykje ein kan bli van med.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: