Gå til innhald

Sommar i april

april 23, 2020

Sommar i april

Plommetre med kvite blomar,
bjørkesprett og sønnavind.
Sommaren er tidleg ute,
møter vinter som forsvinn.
tunge tankar skal få liggja,
stua vekk er sut og tvil.
Kom nå, me skal ut og leva,
det vart sommar i april.

Surrande, den første humla,
lerka tirlar yr og glad,
lukt av gras og krydderange
i frå nye bjørkeblad.
Livet syng, og dagen dansar,
vinden rører blikk og smil,
alt blir lett og vemodsvakkert,
me har sommar i april.

Koma alt som snart skal koma,
skodde, regn og nordavind.
Skål for slikt som ikkje varer,
for i dag er dagen din.
Kom nå ut, la humla susa,
og fornuften ta ein kvil.
Stem din lengt til fest for livet,
og for sommar i april.

***
I dag måtte eg leita i arkivet for å finna igjen ein tekst eg har gått og tenkt på, visa sommar i april som eg skreiv eit år det var så uallminneleg fint ver ein periode på slutten av april. Eg fann visa til slutt, og det viser seg å vera seks år sidan eg skreiv ho.

Sett inn i denne eigenarta konteksten me sviv rundt i akkurat nå, så les eg faktisk teksten med litt andre auge enn då eg skreiv han. Framleis kan me gå ut og leva sjølv om det er begrensningar på sosial kontakt som eg den gongen ikkje ante me skulle koma til å oppleva nokon gong. Eg kjenner at denne gongen gjorde det så utruleg godt å få desse velsigna dagane med nesten-sommar, det å kunna lena seg mot sollyset og den vaknande sommarnaturen har vore heilt ubeskriveleg.

I dag skreiv elevane mine tekstar om det beste og verste dei visste. Dei hadde fått beskjed om å blanda smått og stort, viktig og uviktig til dikt om det dei elska og det dei hata. Det klarte mange av dei, og dei skreiv om
krig og kaviar, døden, brennmanetar, koronakrise og makrell i tomat i herlege sammensurium, og det er jo akkurat slik livet er. Det er og verd å leggja merke til at av dei ca 70 tekstane om det beste i livet som eg har lese i dag så var det langt mellom dyre bilar og merkeklede. Dei skreiv om hytteturar, jordbær, gode venner, rare og fantastiske familiar, gode smil og kaninar. Det gir meg håp for verda.

Sidan temperaturen er fallande og nordavinden har meld sitt kome på Yr, så gjennomførde eg det eg har tenkt fram og tilbake på heile denne veka. Eg tok sjansen på å invitera mor og far til kaffi og vaflar på terrassen slik at me skulle kunna halda god avstand og vera utandørs. Eg stod med nyvaska hender og la vaflane på fat med gaffel i redsel for å gjera noko smittefarleg.
Eg henta eit nytt syltetøyglas i kjellaren og skylde det med varmt vatn. Sylta grøne stikkelsbær frå august og hagen deira. Smøret hadde me opna, så det fekk dei ikkje tilbod om. Det vart to veldig koselege timar, heldigvis hadde dei med seg varme ytterklede. Ein av naboane starta ein høglydt motorplenklippar i det me sette oss ned, og det må han jo få lov til nå når graset gror så fint. Heldigvis var han ferdig etter 10-15 minutt og det vart akkurat så stille og roleg som me ikkje hadde oppdaga at det var om me ikkje hadde hatt ein så støyande start.

Sjølv om eg jobbar på sjuande trinn og ikkje skal tilbake til skulen den første veka, så har me hatt nettmøte med leiinga i dag for å bli litt informerte om kva som ventar oss. Det blir dagar med høgt fokus på hygiene og smittevern. Nå skal det ikkje snakkast om klasser og grupper meir, me skal tilbake til kohortar, må vita. Kanskje eg er litt overtrøytt, men dette har eg gått og ledd litt av for meg sjølv i heile dag. Eg ser for meg gode gamle Gorgon Vaktmeister frå Pompel og Pilt som ivrig slår handdokkearmane sine saman og kjem med lange remser av uforståelege ord: «Etablere, organisere, administrere, vurdere, kohortere…» Eg har sagt det før, og eg gjentek det til mitt forsvar… Eg er lett å mora.

Skal me ta sjansen på å nynna sistelinja på visa over: «Stem din lengt til fest for livet, og for sommar i april»? Randi Engelsvold har laga fin melodi til teksten og gitt ut på plate. Det går an å lasta ned visa frå nettet og dermed kan det med nynning faktisk bli bokstaveleg talt nynning… Fortsatt god april 🙂

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: