Fridomen, gleda og håpet

Gleda
Fridomen finst
og kjærleiken
sjølv bak stengsler
og i tronge labyrintar.
Gleda finst
i dødsskuggens dal og
for den som har auge å sjå med.
Håpet ligg der
sjølv i ulendt terreng
og sjølv for den med litt for tronge støvlar.
***
Det er lett å tru på både fridom, kjærleik, glede og håp på slike dagar som i dag. Og når den store lydmeistaren i naturen set spotlyset sitt er det så vakkert at ein kunne gråta.
Snart får me heilt sikkert lov til å vera saman igjen. I alle fall trur eg det var det svarttrasten med det solgule nebbet song om i dag.

Heidi
Kommenter innlegget