12. mai- Om eventyr og om livet

«Livet er eit eventyr», blir det sagt av og til, og dersom det ikkje er med eit humoristisk snev av ironi blir gjerne utsagnet hengande i lufta som noko litt naivt og pastellfarga. Sjølv synest eg at uttrykket kan vera ganske dekkjande, spesielt om me snur på det og seier at eventyret er livet.
I kveld har eg lese eventyr for tre og eit halvt-åringen. Ho har lenge vore glad i eventyr, det begynte vel som for mange av oss med Bukkane Bruse i to års alderen, og for eit års tid sidan var det Rødhette og Pannekaka som var det store. Nå det siste året har ho avansert, først med Ulven og dei sju geitekillingane, og Dei tre små grisane. Gullhår og dei tre bjørnane har lenge stått høgt i kurs. Hans og Grete hadde eg nesten problem med å presentera for henne, tenk om ho kunne koma på tanken at dei vaksne fekk lyst til å gå i frå henne i skogen… Men så har ho ei eventyrbok med eit veldig forlokkande bilete av eit visst kakehus, så det lot seg ikkje utsetja. Dei siste gongene eg har lese for henne har Froskeprinsen vore det store, og i dag las eg for første gongen om Fru Holle. Ikkje alle eventyrbøker for barn er spesielt velskrivne, synest eg, men heldigvis kan ho ikkje kontroll-lesa og oppdaga at eg av og til legg meg på ei litt anna linje enn det aller mest glansa og overflatiske.
Eventyr fenger opp til ein viss alder. Dei siste vekene har eg fortald «De ville svaner» av HC Andersen til tredjeklassingar, og det gleder meg å sjå at dei framleis let seg oppsluka. Dette eventyret var eit av mine absolutte favorittar då eg var lita. Eg fekk HC Andersen sine eventyr til jul det året eg var fire eller fem år gammal og elska blandinga av det romantisk melankolske og det fryktinngytande og groteske. Eg lytta med store auge til historiar om menneske som fekk døde reisekamerater,om halshogging og hekser som skulle brennast på bål, og om Store Klaus som drap bestemora si for å selgja henne på torget og bli rik. Eg høyrde ei venninne seia til mor at HC Andersen sine eventyr passa betre for vaksne enn for barn, og var reelt redd for at mor skulle koma til å gøyma eventyrboka fordi eg var for lita til å høyra…
Eg er nok litt miljøskadd etter vidareutdanninga i forteljarteknikk som eg tok for ca 20 år sidan. Det gav meg ei grunnhaldning at eventyr var til for å oppleva, og at dei åra ein er mottakeleg for magien i eventyra, så skal eventyra få lov til å vera akkurat det. Eg er derfor litt skeptisk til at det i skulen ofte er blitt jobba med eventyr ut i frå sjangerkjenneteikn, barna skal til dømes leita og finna eksempel på tre-tals regelen, dette at ting skjer på liknande måte tre gonger. Så skal dei skriva sitt eige eventyr der dette og andre sjangertrekk blir kriteria på om dei har fått til å skriva eit fint eventyr. I og for seg er det ikkje noko gale i det, men eg tenkjer oppleving framfor analyse. Eg har sett barn skriva dei mest fantastiske og originale skildringar som ein gjerne kan kalla eventyr sjølv om dei manglar sjangerkriteria, og eg har sett barn pliktskuldigst konstruera opp noko som oppfyller kriteria, men kan vera ganske blotta for gode skildringar og vibrerande liv.
Nå meiner eg ikkje at det eine utelukkar det andre, men eg har bare lyst til å ta med det som etterkvart har blitt essensen i eventyrforteljing for meg. Fortel barna eventyr fordi dei handlar om alt som seinare skal skje dei i livet, og fordi det lærer dei ting om å leva som dei kjem til å trenga, men som dei framleis ikkje har andre språk for å kunna forstå.
Eg håpar at eventyret om dei ville svanene på eit eller anna plan kan gje barna tru på at om alt ser mørkt og trist ut, og sjølv om barndomen din blir øydelagd av ting du helst skulle slippa å oppleva, så finst det håp om at det skal gå bra med deg. Det kan kanskje og gje dei ei forståing av at ein av og til som menneske må klara å gjera noko som i forkant kan virka heilt umogleg for å koma seg vidare. Det ein av og til må gjennom kan kanskje kjennast veldig smertefullt der og då som det å plukka brennenesler med hendene ein plass der ein eigentleg ikkje vågar å vera. Kanskje kan ein til og med dra det så langt som til å seia at det hender ein ber på ting ein ikkje kan eller orkar å snakka om, og kanskje til og med at den som er ein fugl om dagen kan ha ei side ein ikkje veit om og vera menneske om natta?
Nå skal eg ikkje dra dette lenger, trur eg. Når eit menneske er over den alderen der eventyr er barnsleg og teit, kjem det ei fase der ein gjenoppdagar kor fine dei er. Kanskje ein då er meir klar for litterær analyse?
Nå har Iben leikt «ulven kjem- leike » med skrekkblanda fryd i over eit år. Ho har gøymd under eit teppe saman med pappa, mormor eller ein bamse og pusta så stille ho kan heilt til ulven har gått vidare. Eg trur det er ein måte å bearbeida frykt og vondskap på. Eg trur eg ventar litt til med HC Andersen, men den dagen ho verkeleg vil høyra er eg klar. På sett og vis er ho vel allereie i gang, for eg trur at dei store heltinnene frå Frost-filmen, Anna og Elsa er inspirert av eventyret om Isdronninga. Og splinten frå trollspegelen skal me forresten vakta oss vel for å få i auget, men det får kanskje bli ein annan tekst.
Heidi