11.mai – Det eg ikkje sa til deg

Overskrifta er ikkje innleiinga til å del noko djupt hemmeleg, men rett og slett tittelen på den boka me skal gje ut.
Med «me» meiner eg elevane på skapande skriving i Time kulturskule saman med meg. Me har gjort dette kvar vår i lange tider, og det er ein spennande prosess. Nå har me vald ut og reinskrive tekstar, og nå er det eg som har ein ganske stor jobb framfor meg. Eg skal setja opp sidene og bestilla boka frå ein slik plass i utlandet der ein kan bestilla fotobøker og andre bøker. Illustrasjonen over er dagsverket frå timane våre. Me har laga ei framside i collage-teknikk som tittel og annan tekst skal redigerast inn i.
Som eg har sagt før så er tysdagen langdagen min. Då lener eg meg mot ei og ei oppgåve og let dei leia meg gjennom dagen heilt frå eg kjem spurtande inn på arbeidsromet vårt i siste liten, litt før klokka åtte om morgonen til eg syklar heim ein gong utpå kvelden. Då har arbeidsdagen vart lenge, men så lenge ein driv med kjekke ting så orkar ein mykje.
I år er 17.mai flytta til 12.mai. Sidan mesteparten av den vanlege feiringa måtte avlysast på grunn av koronapandemien, feirer me «trøyste 17.-mai» med elevane på skulen i morgon. Då møter dei i finstasen med flagg i hendene og så går det slag i slag kohortvis med tradisjonelle 17.-mai-leikar som sekkeløp og springing med potet på skei, is, pølser, song og «talar». ( Nå er det nokså nøyaktig eit år sidan me vart introduserte for ordet «kohort» og eg hadde aldri trudd eg skulle sjå meg sjølv bruka det som eit heilt naturleg ord, heilt utan snev av ironi. Denne pandemien gjer litt av kvart med oss…)
Søsterskulen vår rett borti gata hadde tydelegvis starta med «før-17.mai» alt i dag. Då eg sykla på jobb spelte dei «Norge i rødt, hvitt og blått» i skulegarden og eg såg eit par av lærarane ankoma arbeidsdagen kledde i bunad med
flagg i hendene. Det komiske var at denne observasjonen fekk tårene mine til å renna av rein rørelse. Enten er eg underernært på kulturelle opplevingar, litt for trøytt, eller rett og slett litt for sensitiv i tårekanalane på grunn av polleneksplosjonen dei siste dagane. Den som les dette får tolka det som hen vil. Nå er det på tide å ta dagen inn for landing slik at eg får tid til å leita fram kjole, heil strømpebukse og flagg før eg skal i veg i morgon.
Heidi