Gå til innhald

13. mai -Ein liten verden i ein veldig stor

mai 13, 2021

Sidan eg har eit relativt avslappa forhold til rydding, så har eg gitt meg sjølv lov til å ha eit lite leikehjørne i stova som aldri heilt blir rydda vekk. Her har eg og den eldste av småjentene mine eit duplounivers som har vore, og er, i flittig bruk.

Ho som er ei veldig tålmodig og omsorgsfull storesyster og som har vist veldig lite sjalusi blir sett litt på prøve akkurat nå med ei lillesøster som rasar rundt overalt på alle fire som om nokon hadde sett motor på henne. Den eldste opplever gong på gong at leiken blir avbroten, for eksempel av at eit bittelite menneske plutseleg riv ned, tar leiker eller kastar alt ut av picnik-korga som akkurat er omsorgsfylt pakka med plast mat og tremat fordi mormor skulle få 17.mai-mat.

Derfor kan det vera godt å få leika heilt i fred og å få vera den einaste gjesten av og til. Det å leika med eit lite barn gir eit visst inntrykk av korleis verda ser ut frå deira vinkel, og det er kjempeinteressant. Eg er glad fordi barnehagane i landet vårt har tradisjon for å gi den frie leiken stor plass. Eg håpar at me blir endå flinkare til å gjera det same i skulen, for dei minste elevane er framleis i stor grad leikebarn og lærer masse gjennom å få leika. Det som hindrar oss mest av alt i å gjera det endå meir har ganske mykje med fysisk plass og med nok vaksne å gjera, trur eg.

Kva som skjedde i duplobyen i dag? Hovudpersonen ved same namn som ho som diktar handlinga, har som vanleg leika med Elsa, duplofiguren som er laga for å vera Elsa frå Frost, men som i vår vesle verden er den kulaste jenta i barnehagen. Ho kan trå til med litt magi, når det gjeld, for eksempel kan ho trampa i bakken for å få isen til å leggja seg når snømannen Olaf er på besøk slik at han ikkje smeltar. Elles så har dei feira 17.mai, vore i barnehagen, funne ein skatt ute i skogen, vore på leikebesøk hos andre i barnehagen, bestilt kaker frå eit bakeri, klatra opp på pipa og hatt besøk av legen som alltid dukkar opp i traktoren sin når nokon blør.

Dei har opplevd eit dødsfall og befridd mopsen Oscar, som hadde havna på sjukehus i Afrika fordi han hadde sagt dumming til ein politi. Elsa og den andre hovedpersonen måtte reisa til Afrika for å prøva å få han ut av fengselet, det var ikkje så langt viss dei kjørde med sparkesykkel, men dei valde å gå, og då vart det litt lenger. Dei fekk forhandla den opprørske hunden ut av fengselet, og politimannen sa unnskyld og gav dei ei skattekiste fordi han hadde blitt så sint. Sidan kista var så tung, måtte mamma kjøra til Afrika i den rosa bussen sin og henta skattekista heim, og Oscar som var sliten etter fengselsopphaldet fekk sitja på taket på heimturen.

Elles så måtte det som vanleg konfliktløysing til i duplobarnehagen fordi det alltid er nokon som dyttar kvarandre eller seier stygge ting slik at nokon blir lei seg. Elsa som er det største barnet der og til og med har magiske krefter er ikkje heilt god når det gjeld dytting, så ho må ofte seia unnskyld og lova at ho aldri meir skal dytta nokon slik at dei dett…

Og slik kunne eg ha skrive i lange tider, men eg har ein mistanke om at dei fleste har falt av lasset for lengst. Poenget mitt er i grunnen bare det at om ein tek seg tid til å leika med eit barn og lar barnet vera den som legg premissane undervegs, så vil sikkert fleire enn meg bli overraska over den blandinga av teater og fri forteljing som ligg i barneleiken. Så gjeld det bare å passa på at me ikkje mistar det heilt etterkvart. Eg hugsar framleis mykje av det me leikte då det var eg som var liten, og eg er takknemleg fordi eg fekk lov til å leika mykje.

Så får me ikkje gløyma å leika litt me vaksne heller. Dei av oss som ikkje eigner seg så godt på fotballbanen eller dansegolvet får finna andre måtar å leika på. Dei kan for eksempel skaffa seg ein blogg…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: