Gå til innhald

1. mai

mai 1, 2026

I barndomen var det to dagar eg til å begynna med ikkje forstod var datoar. Det var «fystemai» og «syttanemai». I forhold til mange av dei eg kjenner som har meir akademisk bakgrunn, er eg så heldig å ha fått vakse opp med 1.mai feiring. Då eg var lita budde me i lag med mor sin familie, og onklane mine var ekte arbeidarpartifolk. Det var vel for så vidt besteforeldra mine og, sjølv om morfar var skomakar av yrke. For meg var første mai dagen då ein dressa seg opp og heiste flagget. I tillegg var det namnet på avisa som kom kvar morgon. Då eg lærde å lesa oppdaga eg at denne avisa eigentleg heitte Rogalands avis, men heime vart ho alltid omtala med det opprinnelege namnet «Fysste mai». Eg og bror min fekk vera med onklane mine for å sjå på feiringa i Stavanger. Me vart kledde i fine klede og reiste inn i onkel Magnus si gulgrøne folkevognsboble. Onklane mine var klare for feiring med masse cheseline i håret og kvite skjorter. Om dette skjedde to gonger, tre gonger eller fleire gonger er eg usikker på. For meg har det blitt ståande som ein rutine som alltid var slik. I Stavanger såg me på eit uendeleg langt tog med musikkorps, faner og alvorlege menn i frakk. Me fekk pølse i spisse kremmarhus og måtte passa oss for å ikkje grapsa ut kleda, og etterpå fekk me is og kanskje til og med ein heliumsballong på metallpinne.

Ei av dei store kulturelle hendingane eg hugsar frå barndomen var at me etterpå gjekk på folkefest i Bjergsted. Der var det ei jente litt eldre enn meg med lange knestrømper som song Evert Taube, «Pappa, kom hem, för jag lengtar etter dig, kom innan sommarn är slut lilla pappa,» slik eg hugsar det vart bror min, som var eitt år yngre enn meg og hadde fleire lopper i blodet lei før meg, og så var det å finna bilen og reisa heim att med gassballonger i fanget.

At farfar som var bonde, politikar for venstre og medlem i soknerådet absolutt ikkje syntest at første mai var ein dag som burde feirast oppdaga eg aldri, for me måtte reisa med ferge for å koma dit og det gjorde me aldri første mai.

Då me flytta til Ålgård, som framleis var ei industribygd på 60-talet der veldig mange jobba på DFU eller på «Fajansen på Figgen», var denne dagen ein høgtidsdag der og. Det var arrangement på Heradshuset for barn og familiar, og mange hadde fått pengar til å kunna snopa på Kafeen, som sikkert tjente godt i mai. På Heradshuset var det og diverse underhaldning. Eit år hugsar eg at Eva og Rita Ravndal fekk synga med bandet til storebroren Tony «Så en gang skal jeg dra til Kansas City, og kanskje finne oldefars saloon». Det var imponerande, eg syntest dei såg veldig proffe ut og song veldig fint. Eg trur til og med dei hadde kvar sin mikrofon. Men sidan Eva og Rita var store og kule jenter, eitt og to år eldre enn meg, var det heilt utelukka for meg å gå bort til dei og seia at dei song fint.

Ein gong då me kan ha vore tolv- tretten år gamle reiste eg og Jane til Sandnes for å sjå korleis dei feira første mai der. Sannsynlegvis var kanskje Rita og Karin saman med oss og. Me såg mannskoret Varden marsjera gjennom Langgata medan dei høgtideleg song «Kameraaater, kameraaater,» og «Den er vår, den er vår!». Etterpå trur eg kanskje me gjekk på Melkebaren og åt rundstykke og drakk brus.

Ein annan første mai eg hugsar veldig godt var då eg budde i Oslo i 1986. Eg var gravid og venta barn i midten av august, at han ikkje kom ut før det var blitt september er ein annan historie, den tek eg ikkje her. Det var ein nydeleg dag, sommaren hadde slått ned i byen. Eg var ute i raud mammakjole, og skoa vart så tronge og vonde at eg tok av meg skoa og gjekk barbeint i gatene. Dette var mindre enn ei veke etter Tsjernobylulukka, og før me visste så mykje om stråling og bequerell som vart dei store samtaleemna etter kvart. Dagen etter høyrde eg at nokon hadde oppfordra gravide til å halda seg innomhus på grunn av strålefaren. Eg vart ganske redd, men roa meg etter kvart, og heldigvis kom både eg og babyen uskadd frå det, om første mai-feiringa skulle ha utsett meg for nokon slags form for fare.

Og i dag? Eg har ikkje gått i 1. mai tog på veldig lenge, men har stor respekt for arbeiderrørsla og det som har skjedd i landet vårt for at folk skal ha det mest mogleg likt og dei same rettane same kven ein er og kva ein tener. Eg er bekymra for utviklinga som viser at ulikskapane mellom dei som har mest og dei som har minst er aukande. Spesielt tenkjer eg at barnefattigdom er veldig verd å vera obs på.

Utfordringane i tida er kanskje annleis enn det var på 20- talet. «Opp I som sulten knuget har», er kanskje ikkje fullt så aktuelt for dei fleste i landet vårt lenger. At det ikkje er samfunnsutfordringar lenger veit alle ville vera ei stor løgn å ropa ut, og endå større er dei globale utfordringane. Det er nok å ta tak i om ein framleis har lyst til å forandra verda.

Eg var barn under hippietida, men gammal nok til å få med meg «siste runde av Jesus bevegelsen» som ung og idealistisk tenåring.
I lærarskuletida hadde eg lilla skjørt, sjal og tresko, sjølv om eg nok oftare gjekk med dongeribukse og joggesko. Eg var medlem av framtida i våre hender, og kan framleis kjenna litt av dragninga mot «Katt og kanin og eit småbruk på Høland» som det heiter i ein gammal song. Eg tek og med litt frå ein tekst av Halvdan Sivertsen, til ære for 1.mai og «alt som ein gong var».

Du går enda rundt med hippiehår,
du har ei slengbukse frå fjerne år
fra du var med,
og du lev på det.
Du var ung og du var fri,
den sommeren i 69:
Da vi sang om kjærlighet og fred,
om ei felles jord, der vi sku rive muran ned.

Alle har sitt eget 69,
der vi står mens tida går forbi.
Og æ syns det er litt trist,
når du si takk førr sist,
det går greit, det går bra,
men ingenting er som da:
Da vi sang om kjærlighet og fred,
om ei felles jord, der vi sku rive muran ned.


Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget