Gå til innhald

Siste dagen i april

april 30, 2026

Det er siste dagen i april. I morgon er det mai og definitivt vår. Mai månad er alltid ein veldig velkomen gjest.

Som eg har vore inne på før denne veka, ikkje alt her i livet går som ei har tenkt og planlagd. Dette skulle ha vore ein stor dag for eldste mormorjenta mi og meg. Me hadde bedd henne fri frå skulen, og skulle setja oss på morgontoget til Oslo for å ha ei helg i lag med tante, onklar og to små syskenbarn.

Ho hadde gleda seg villt og uhemma, og teke telefonar til mormor av typen: «Hei, mommor, i dag æ de bara elleve dage te me ska te Oslo! Æg gleeeede mæg sånn!» Eg var inne på tanken om det var innanfor å reisa til Oslo nå, men legen på sjukehuset syntest ikkje at det var ein god idé. Ho ville i alle fall ikkje gjort det sjølv…

Og eg kjenner det var rett avgjersle å ikkje reisa, eg hadde ikkje følt meg heilt klar for ein så pass strabasiøs tur i dag. Spesielt ikkje med tanke på at eg i går fekk ein velkjend type melding frå Go -Ahead. «Toget du har billett til i morgon er dessverre innstilt, det blir sett opp buss for tog…»

Men det er aldri kjekt å skuffa nokon. Kofferten var funnen fram, og barnet hadde planlagd reise og opphald i lang tid. Ho er likevel stor nok til å forstå at akkurat denne gongen kunne det ikkje la seg gjera.

Her heime normaliserer livet seg langsamt. Huset er fullt av blomar. Dagane går i eit litt rolegare tempo enn vanleg, men i dag har eg fått skrive litt. Kvar dag har eg fått telefonar frå folk som lurer på korleis det går, blomsterbukettar og besøk. I dag kom mor og far ned med lefser, druer og Kvikk-Lunsj for eg måtte absolutt ikkje kava med å laga mat… Det var koseleg.

Faren min er nesten like flink til å leika «Vera- glad -leiken som Pollyanna i dei gamle barnebøkene. Når eit av barnebarna plutseleg måtte gipsast frå livet på grunn av ein hoftefeil var hans reaksjon som fylgjer: «Dette er verkeleg ein gledens dag. Tenk at dette vart oppdaga, då slepp ho store problem seinare i livet.»

I dag hadde han ei liknande tilnærming til jenta som måtte avlysa Oslo -turen. «Dette er ei veldig nyttig erfaring, altså. Alle menneske kjem til å møta skuffelsar i livet. Nå forstår ho korfor ho ikkje fekk reisa, og må leva med skuffelsen. Det er ei veldig god trening å læra seg til å måtta godta at noko ein har gleda seg til ikkje skjer likevel!»

Kanskje han har litt rett? Eg har jobba lenge nok med barn til å vita at det finst barn som må svelja alt for mange skuffelsar, og lenge til nok til å vita at når små og store skuffelsar blir eit mønster, då er det ikkje sunt lenger. Men at heilt vanlege barn som er godt oppfulgt på alle kantar av og til må leva med at noko dei har gleda seg til ikkje kan gjennomførast, det er vel kanskje ikkje direkte skadeleg…

Men visst skal me to på Oslotur med toget… Det vart bare ikkje akkurat i dag 🐦.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget