Kjeften og motet hev hjulpe så mange…

Når eg skal kjenna at sjela er på plass i kroppen min og hjartet mitt på plass i livet mitt, synest eg at ein av dei beste stadane å finna denne tilstanden på er nede ved havet. Det er deilig å stå på stranda og vita at ein er ei bittelita brikke i det store spelet medan havet sine tunge og rytmiske hjerteslag slår mot stranda heilt utan at du treng å bidra på nokon som helst måte.
I går prøvde eg ut at ein tur på stranda er helsebot sjølv om det var greitt å gå enda litt saktare enn eg pleier å gjera. Denne dagen var det ekstra forblåst, nokre stadar var det nesten som å gå i eit månelandskap.

Overskrifta var noko som dukka opp då eg tenkte på dei merkelege døgna på sjukehuset. Av og til er det andre ting enn logikk og intellekt som held oss oppe. Eg er litt overraska over kor mykje humor eg opplevde mitt i det heile, at eg til og med «kom litt på låtten» då dei sa at eg kunne sova trygt sidan ein person skulle sitja ved skjermen og fylgja med på hjartet mitt heile natta… Det var mange småting på overvakingsavdelinga som eg verkeleg mora meg over. Heldigvis har den eldste dotter mi, som for øvrig er den fødde stand- up-artist, den same mørke humoren som meg. Me sende meldingar til kvarandre og ringde, og eg lo så tårene trilla, eigentleg litt overraskande at eg hadde så stort behov for å le…
Og så har det vore så fint å oppleva kor mange fine og folk eg kjenner og kor mykje kjærleik og varme det er mellom menneska. Så mange fine ord og så mange fine blomar. Det har vore så fint at så mange venner har vore innom meg, og kor fint det er å ha ein familie.
I dag fekk me overraskande morgonlevering saman med ein fargerik bukett frå dei to yngste mine som bur i Oslo. Det var masse godsaker i den store øskja som kom, nydeleg eplemost, nysteikte rundstykke og ein veldig god gouda-ost frå eit lite gardsysteri. Me inviterte Inger og Arne på frokost, tende lys og hadde det fint.
På sjukehuset vart eg og veldig bevisst på kor fint det er å ha ei tru ein kan pakka varmt rundt seg sjølv. Eg har aldri i mitt liv følt ei så merkeleg ro, eg følte meg boren på englevenger og vart veldig beroliga av at eg visste eg var omgitt av forbøn. Eg er nesten sikker på at eg framleis har mykje ugjort på jorda, tenkte eg, og den tanken var så fin å halda fast i.
Paradoksalt nok er eg etter på ein måte å ha blitt fillerista av livet, meir sikker enn nokon gong på at det er utruleg sterke krefter i det gode …
Kvelden før eg vakna meg ein litt opphovna legg og begynte å engsta meg litt haldt eg foredrag i Brynekyrkja om Håp og tru i kvardagen med fokus på håp i vanskelege tider. Dersom nokon har lyst kan dei faktisk gå inn og høyra på det ved å googla podcast Bryne kyrkja og klikka seg inn på menyen. Sjølv har eg ikkje høyrd på det. Eg veit jo kva eg sa, og eg synest framleis det er litt ubehageleg å høyra på sin eigen stemme.
Håp og varme tankar
Heidi