Gå til innhald

Mea culpa maxima…

august 9, 2005

– Mi store skuld… Det desidert verste eg opplevde i sommar begynte så fredeleg. Me var på Korsvei-festival, og hadde akkurat krope ut av telt og soveposar den første morgonen. Nå sat forsamlinga benka ved bordet midt på tunet, og eg dreiv og prøvde å få fyr på stormkjøkkenet for å få kaffivatn til meg sjølv og kakaovatn til ungane. Ved sida av meg står Ståle og fyrer opp primusen sin.

“Så rart, eg ser ingen flamme”, sa eg. Og Ståle svarte noko som fekk oss begge til å le. Eg kjenner med handa at det slett ikkje er nokon flamme der, og bestemmer meg for at det ikkje har teke fyr. Mot betre vitande tenkjer eg at her må det meir rødsprit og ei ny fyrstikke til. Så utfører eg kardinalsynda: Eg heller meir rødsprit i den vesle skåla. Det flammar voldsomt opp, det var eld der likevel. Eg blir varm i ansiktet, men ikkje noko meir.

Ståle kastar seg over ende, og dreg med seg som sin som står ved sida av. Han rullar seg rundt i graset og ropar høgt. Han riv av seg T- skjorta. Først trur eg det er ein spøk, men så skjønar eg at eit vindpust må ha teke fatt i flammen slik at han har brent seg i ansiktet. Han grip ein tilitersdunk med vatn som står like ved, og heller vatnet over seg. Eg spring alt eg kan og hentar meir vatn, eit vaskefat og ei vannkanne. Ståle dyppar heile ansiktet i fatet og tek eit vått handkle kring hovudet. Han seier at det gjer veldig vondt, at det svir forferdeleg

Eg blir livredd der eg står. Eg veit at det er vanskeleg å anslå kor alvorleg ei forbrenning er sånn i første omgang. Eg tenkjer på han svenske brannmannen som held foredrag. Eg har angst og det dårlegste samvitet som tenkjast kan. Eg tenkjer at nå har eg kanskje skadd eit menneske for livet.

Ungane er redde, og eg anstrenger meg for å halda meg heilt roleg og ikkje å belasta dei andre med mine reaksjonar i tillegg til det andre. Ein sjukepleiar kjem springande frå naboleiren, ho seier at han har gjort det rette, og at han bare må kjøla ned, kjøla ned, kjøla ned med vatn.

Nokon syklar for å finna legehjelp, ein doktor frå eit telt i nærleiken kjem saman med ein overlege frå sentral-
sjukehuset i Bergen som og er deltakar på festivalen. Dei seier at dei ser ingen annangrads- forbrenningar, men at han skal sitja med hovudet i kaldt vatn så lenge han orkar og etterpå dusja i lunka vatn i ein time til.

Eg kjenner meg omtrent som ein morda, og har lyst til å gråta og hyla. Eg har lyst til å springa og gøyma meg.
Eg seier unskyld, eg stryk han forsiktig over ryggen, eg ber til Gud om at han ikkje må vera skadd, eg har sjeldan kjend meg så hjelpelaus.

Først mange timar seinare vågar eg å tru at det har gått bra. Han har svidd skjeggstubbar og augnebryn og litt av luggen som frå før av var bare tre millimeter. Av andre mén vart det bare eit lite brunt merke på nasen.

Nokon seier at det var skikkeleg flaks at elden ikkje slo opp på meg, som hadde langt laust hår. At det var betre at det ramma ein uskuldig nabo orkar eg ikkje høyra snakk om. Alt kjennest heilt feil

Ståle hadde all grunn til å bli rasande på meg. I USA hadde det vel enda i retts- salen, og eg var blitt dømd for grov uaktsamheit. Det hadde truleg kjenst heilt rett og rimeleg.

Ståle var utruleg flink når det gjaldt å takla situasjonen. Eg fekk klemmar og forsikringar om at alt var OK. At det like gjerne kunne ha vore hans eigen feil, at eg måtte leggja dette bak meg, og eg veit ikkje kva. Då eg såg at marerittet enda i likaste laget trass alt begynte tårene mine å renna.

“Kvar gong eg ser deg på gata kjem eg til å få ein uimotståeleg trong til å springa inn i ein butikk for å kjøpa blomar og konfekt til deg, “ sa eg ein gong utpå kvelden. Han meinte at det nok ville kjennast litt slitsamt i lengda om eg skulle halda det gåande slik i årevis…

Eg skalv lenge etterpå, og skjelv framleis ved tanken på kor fort det kan vera gjort å skada nokon. Eit sekund med manglande vurderingsevne, så kan det vera gjort…

Eg er uendeleg takksam for at det ikkje gjekk endå verre,
og skjemmest framleis djupt og inderleg for det som skjedde. Ta i mot åtvaringa mi: Raudspritapparat må brukas med stor varsemd! Etter denne hendinga var det alltid ein og annan som hadde litt varmt vatn til overs kvar gong eg trong det… Eg våga ikkje røra rødspritapparatet meir heile veka. Truleg vil eg ha store problem med å bruka det att.

Fra synd og sorg og fare Guds engel meg bevare…

Heid

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. morsan permalink

  2. Tintomara permalink

    Kära du, jag förstår att det kändes hemskt. Men det var ju en olyckshändelse! På akuten kommer folk in stup i kvarten för att de gjort något olämpligt. Ibland drabbar det andra, och det känns ju givitvis värre. Jag har varit inne flera gånger på akuten och fått fylla i en rapport om hur det gått till – och man känner sig totalt uridiotisk. Men en sköterska sa något sådant till mig nu sist (när jag slarvat med att ta bort dammsugaren och snavat över den) alltså, att folk gör dumma saker hela tiden annars skulle det inte finnas olyckshändelser. Det är mänskligt att fela med guddomligt att förlåta, som du vet.
    (Själv är jag ganska orolig för att ställa till något i trafiken.)
    Egentligen är det fruktansvärt konstigt att det inte händer värre saker än det gör. Tänk på allt farligt vi hanterar hela dagarna – elströmmen inte minst. Det är så mycket som kan hända och aldrig gör det. Det ska vi vara väldigt tacksamma för!
    Alla klantar sig ibland. Skuld tycker jag bara man ska känna om man gör någon illa med flit. Men det är lätt att säga. Kram!

  3. Heidi: permalink

    Ja, eg og er skrekkslagen med tanke på alt som kan henda i traffikken… På fredag
    kom eg rett etter at nokon hadde kjørt på ei to-år gammal jente på ein campingplass, og eg kjende i heile magen kor frykteleg det måtte kjennast både for dei som passa på jenta og dei som kjørde bilen. Heldigvis trur eg at barnet kom bra frå det. Ja, det var eit uhell eg opplevde, men alle burde jo vita at rødsprit brenn med uynleg flamme og at det er galskap å hella sprit på ein slik flamme. I alle fall har eg lært det nå… Det er tre veker sidan eg opplevde dette, så eg har jo fått det litt på avstand, men eg kjende det var ein tekst eg trong å få skrive av meg. Det å skada andre menneske er det verste eg kan tenkja meg. Men som du seier, forbausande mange ting som kunne gått gale går faktisk bra. Takk for omsorgen begge to. ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: