Gå til innhald

Luke 6-2019

desember 6, 2019

Eg må innrømma at kråkebilete over er frå ein dag i sist veke. I dag har det regna, og himmelen har hatt ein litt annan farge. Nakne tre med fuglar i er noko av det vakraste eg veit. Dessverre har eg ikkje kamera og kompetanse til å få til å laga dei flotte bileta eg ser for meg i hovudet at eg kunne ha teke dersom eg hadde betre zoom og eit kamera med betre mørkesyn.

I dag har eg nytt å ha fri, det passa utmerka i lag med at eg har pådrege meg litt hoste og forkjøling som eg på ingen måte aktar å gje etter for. Eg har starta litt på julebaksten og laga ein stor prosjon safranbiscotti som er ein av favorittane mine. Eg måtte smaka litt og syntest at dei smakte veldig søtt, sjølv om eg meiner å ha fulgt oppskrifta. Kanskje det skuldast at eg nokså konsekvent har halde meg unna det søtaste i livet i heile haust og rett og slett er avvent frå sukker? Det ville vel i så fall ikkje vera den største ulukka som kan vederfarast eit menneske…

Eg har og hatt ein liten privat julegaveverkstad ved kjøkkenbordet med tend adventlys, radioen på P2 og kaffi i kruset. For ein luksus. Sidan folk eg skal velsigna med gavar kan koma til å lesa dette, så skal eg ikkje gå nærare inn på denne aktiviteten, men eg trur ikkje resultata skal koma som eit sjokk på nokon. Aktiviteten inneber litt gjenbruk og litt nybruk, og eg kom til å tenkja på min legendariske formings- og musikklærar på Ålgård skule på begynnelsen av syttitalet, Liv Godin. Ho er dama som er kjend for å ha bygd bruer i Kongo der ho sykla rundt og administrerte byggjeprosjekt til ho var over nitti om eg hugsar rett. Ho lærde oss songen om mot i brystet vett i panna, stål i ben og armar, og eg trur det stod i teksten at «slike gutter vil det gamle Norge ha», men at me og song om at «slike jenter vil det gamle Norge ha»: Dersom formingstimen fall oss eller henne litt lang, stilde ho opp alle jentene, for det var jentene som hadde handarbeid, bak i klasseromet for å syngja tostemt medan ho dirigerte oss etter ein spesiell metode der ho viste med høgda på hendene kor høgt tonane skulle liggja. Alt dette dersom eg hugsar detaljane rett, og det er ikkje sikkert, for det begynner å bli ganske lenge sidan, og minnene mine er konserverte frå eit barneperspektiv.

Liv Godin hadde vore misjonær i Kongo, og viste oss ofte filmar der ho dirigerte kongolesiske barn som song tostemt akkurat som oss, bare at når ho dirigerte i Kongo hadde ho på seg tropehjelm. Med seg frå Kongo hadde ho mannen som var misjonær frå Belgia. Eg trur namnet hans skulle uttalast Jacques Godin med fransk uttale, men på ålgårdsk vart det Jakop Godin, uttalt rett fram.

Grunnen til at eg kom på Liv i dag var at ho var langt forut for si tid med gjenbruk av det meste. I ein av timane sat ho og laga eit trådsnellestativ av ei isoporplate ho hola ut fordjupningar i. Eg kjenner ennå isingane i tennene når eg tenkjer på lyden det laga, men trådsnellestativ vart det. Ho laga veggtepper av restar frå heildekningsteppe og mosaikk i gardsromet av asfaltbitar. Ho tok det til og med så langt at ho hadde med seg oppklipte biter av mannen sine utslitne bukser som me skulle få applikera og brodera på. Det var litt uvant, syntest me. Nå står det i planane at elevane skal få prøva seg på redesign, hos oss set me i gang på måndag… I mi tid var det rett nok ein sjølvsagt ting at me laga dorullnissar og eggebrettfigurar, men eg trur ikkje det var så mange fleire lærarmenn enn Jakop Godin som fekk bidra med gamle bukser i skulen sitt formingsbudsjett.

Det er mange gode minne, det dukkar opp mange fleire frå Ålgård skule medan eg skriv dette. Eg ser for meg Einar Nilsen med speidarskjorte på 17.mai, Hundebo i grå lagerfrakk og sandalar og Per Erga som instruerte ein klasse i å spela blokkfløyte og xylofon til songen «Alle mine ender, svømmer i en dam». Det får kanskje bli ein tekst ein annan gong, kven veit. I dag var det Liv Godin, me brukte alltid begge namna på henne, som plutseleg dukka opp og fekk vinka fram frå døra som opna seg i den sjette luka.

Ein gong i tida, eg trur kanskje eg var 8-9 år, oppdaga ho at eg skreiv dikt. Ho ville sjå alt eg hadde skrive, som den rotekoppen eg var, så fann eg ikkje mykje heime eg kunne visa fram, så eg måtte setja meg ned og skriva same ettermiddagen, slik at eg hadde noko å visa fram neste dag. Til inspirasjon brukte eg ei fargebok og skreiv eit dikt til kvar side. Det skulle sjølvsagt rima, eg hugsar spesielt dei lyriske og velklingande linjene «Nå bysser fru ekorn sitt lille barn, som ganske sikkert skal hete Arn». Eg tok sjølvkritikk på at Arn ikkje var eit namn, dette var nemleg før Jan Guillot sin romanserie om ein tempelriddar som bar nettopp det namnet. Det var ingen annan råd enn å omformulera linjene: «Nå bysser fru ekorn sitt lille barn, i mens hun strikker på noe garn»… (ja, eg gjekk i bokmålsklasse). Tankane om ekorn sine antekne strikkeferdigheiter kunne eg ikkje dvela vidare med, eg måtte skriva meir, eg skulle trass alt visa fram ei diktsamling nesten dag. Det falt i så pass heldig jord at eg fekk oppdraget å lesa dikt på foreldremøtet på skulen i burgunder spencerskjørt og kvit bluse.

For ikkje å rota meg fullstendig ut på alle jorder, noko som kan enda med at eg ikkje rekk å skifta klede til julebordet i kveld, avrundar eg med eit noko nyare dikt henta frå den siste boka mi. Sjølv om linja «Drag meg etter deg» opprinneleg har eit frommare innhald, kan eg jo dedikera linja til Liv Godin akkurat i dag. Ho var ei føregangskvinne både når det gjaldt redesign og anna viktig, og eg takkar Gud for at eg vaks opp med så mange menneske rundt meg som ikkje kom i A4 format. Det gjorde det lettare å tru at det formatet faktisk var noko ein kunne sleppa unna om ein ikkje ville dit…

Drag meg etter deg

Me står her med trompetar og ventar på blå jul, svart jul,
stjernejul og kvit jul.

Kling no klokka
for alle gleder og sorger som er og har vore
og kanskje skal koma. Eg syng dei gamle orda: Drag meg etter deg.

Det vil eg du skal gjera
Kvar gong føtene mine ikkje orkar, ikkje vågar,
ikkje vil.

Drag meg etter deg.
Så kjem eg kanskje dit eg skal.

Likevel.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: