Gå til innhald

Sundag 3.mai

mai 3, 2026

I dag starta sundagen med at eg blei med Leif til Stavanger på katolsk messe. Han blei oppteken i den katolske kyrkja i februar i fjor, så nå er me ein økumenisk familie. Til å begynna med syntest eg at det var ein skikkeleg dårleg idé at me skulle tilhøyra kvar vår kyrkje, men etter at eg fann ut at eg måtte respektera og velsigna hans vegar og val, så har det blitt noko eg lever godt med. Det betyr jo at me til saman får ganske mange impulser inn i livet vårt. Ofte går me i kvar vår kyrkje på sundag at, og nokre gonger går han i lag med meg. Eg har som oftast med meg mormorjentene og deltek på sundagsskule i lag med dei, men i dag var dei velkreiste, så då kunne det vera min tur til å flytta litt på meg.

Eg har framleis litt ei kjensle av å vera kyrkjeframand når eg er i St.Svithun, og det trur eg er ei ganske sunn erfaring. Liturgien er ikkje automatisert, i tillegg brukar dei andre melodiar, og nokre gonger ledd på latin det er litt vanskeleg å finna ut av. Det som er fint er at det er ein veldig samansett kyrkjelyd med menneske frå mange ulike nasjonaliteter. Det er alltid full kyrkje, sjølv om dei har mange messer på ulike språk kvar einaste sundag. Det som eg opplever som ei sorg, er at eg ikkje kan delta på nattverden fordi dei offisielt ikkje godkjenner nattverdfellesskap med dei som er medlemmar i den norske kyrkja. Det får ein vel bare respektera. I Taizé kan alle få nattverd på katolske messer, og det fekk me og på økumenisk retrett hos St.Josefsøstrene, så det blir gjort unntak. Det som var veldig fint i dag var at ei av salmene var henta frå Taizé-kommuniteten. Eg fekk veldig flashback til dei daglege bønene der, der desse songane blir sungne firstemde med klosterbrørne som solistar. Eg pleidde å setja meg i ei trapp, for å få litt ryggstø, dei fleste sat på golvet eller på bøneskamlar. Bak meg hadde eg ofte tyske Simone, som song så fint at det var som balsam for sjela å høyra stemmen hennar. Ho bydde og på halspastillar viss nokon, for eksempel meg, fekk ei hostekule. Ho kviskra at dei var så små at det gjekk godt å synga med dei i munnen.

Etter messa var det kyrkjekaffi og eit spennande seminar om Selja og Sunniva-legendene ved Ragnhild Aadland Høen, som sikkert mange har lese innlegg av i Vårt Land. Ho hadde eit sterkt og spesielt forhold til Selja, og familien hadde seld alt dei kunne unnvera for å kjøpa eit hus på Selja der dei håpar det etterkvart kan byggjast eit kloster. Me var på Selja sommaren for to år sidan, og me syntest og det var ei stor oppleving å vera der. Eg hugsar at eg sette meg i klosterruinane for å skriva på ein salme eg haldt på med, bare for det kjennest så fint å gjera det akkurat der. På same måten har eg fleire gonger betalt meg inn i Nidarosdomen for å kunna sitja der i fred og ro og skriva. Ho snakka om «thin places», stadar der mange får ei kjensle av å vera på ein heilag og spesiell plass. Første gongen eg høyrde det uttrykket var då me var på klosterøya Iona ute på Hebridane ein gong rundt århundreskiftet. Då møtte eg nokon som spurde om eg var pilgrim. Eg sa at på ein måte var eg vel det. Dei sa at dei og var pilgrimar, men til mi overrasking var det ikkje Iona-kommuniteten eller klosterruinane som var målet deira. Dei sa at dei ikkje rekna seg som kristne, men som menneske med eit meir alternativt syn som søkte «thin places» for å koma nærare andelege krefter.

Om eg skal ramsa opp stadar som eg opplever som spesielt fine og med ein heilt eigenarta fred, så vil eg framfor alt trekkja fram Iona, dit skulle eg svært gjerne koma tilbake. Denne vesle øya ute i havgapet med kyrkjer og klostrruinar frå keltisk tid, nesten utan bilar og med mange beitande sauer. Som eit fun- fact, som det så fint heiter, så var det faktisk ein golfbane der og. I den fasen då me var der var min kjære mann heilt hekta på golf, så me hadde med oss golfbagen, sjølv om bilen måtte stå igjen i Tobermory på den større øya Mull. Med mange tuver, og store mengdar sauelort trur eg ikkje golfbanen var det som gjorde størst inntrykk på han heller på Iona. Av andre stadar kan eg nemna Taizé, Nidarosdomen, Dyrskuplassen i Seljord rigga for Korsveifestival og som allereie nemd litt, Selja. Og så Vadstena i Sverige. For meg er det og absolutt ein slik plass.

Eg trur det bur ein pilgrim i veldig mange av oss, det er bare ikkje alle som går så langt…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget