Gå til innhald

2. mai

mai 2, 2026

I går var maihimmelen blå, sjølv om vinden framleis var nokså kjøleg.

Etter sjukehusopphaldet skal eg prøva å leva mest mogleg som vanleg, aktivt, men utan å pressa meg for mykje. Eg fann ut at det perfekte turmålet for dagen måtte vera Ølbergstranda. Der er det så fint. Det går an både å gå langs stranda og vegen, og å slappa av på benkjer og svaberg. Dette viste seg å vera ein god idé som me langt i frå var aleine om. Det var lange køar framfor bua der dei sel den legendariske softisen og pølser og pommes frites. Me hadde bestemt oss for å feira livet og mai månad med kvar vår softis, så då var det bare å stilla seg i kø. Isen smakte nydeleg, og etterpå gjekk me tur. I mitt nokså rolege tempo gjekk det kjempefint. Me gjekk stien bortover og stranda tilbake. Barn og vaksne koste seg med alt frå vindtett turdress til bikini. Ein mann gjekk fram og tilbake med metalldetektoren sin, og eg lurde på kva han håpa på å finna. Dei aller modigste prøvde seg til og med på eit bad, men ut i frå lydane dei kom med, var det nokså tydeleg at sjøvatnet rett og slett var iskaldt. Likevel føltest det nesten som å trø over terskelen til ei ny og varmare årstid. Det såg og ut som om verda vart minst to hakk grønare bare frå soloppgang til solnedgang.

Dei siste dagane har eg lytta mykje til radioprogrammet «Drivkraft» i podcastvarianten. Eg liker så godt program der nokon opnar døra inn til sitt eige liv og deler av erfaringane sine. Dei får tid til å snakka og reflektera, og blir ikkje avbrotne heile tida. Det spesielle er at i eit slikt format framstår alle deltakarane som sympatiske og flotte personar som du kunne ha lyst til å bli kjend med. Mot slutten av programmet får alle det same spørsmålet dei skal svara på: «Kva er drivkrafta di?»

Eg har tenkt litt på kva eg ville svara om eg fekk eit slikt spørsmål på direkten. Eg trur eg har fleire drivkrefter. For det første så er eg utruleg interessert i andre menneske. Ordet forviten kunne eg ha brukt men det er så negativt lada at det unngår eg… Eg les med stor interesse portrettintervju av, eller biografiar om, menneske eg aldri har høyrd om. Eg synest det er utruleg spennande å tilfeldigvis høyra andre sine samtalar på bussen, og er vel av dei få som finn underhaldningsverdi i at folk snakkar i mobiltelefon på toget eller i butikken slik at alle kan høyra den høyrbare delen av samtalen. Heilt frå eg var lita har eg kunna sett på ei tilfeldig samling menneske i ein kø eller på veg ut av ein buss og lurt på korleis det hadde vore å blitt godt kjend med kvar og ein av dei. Var dei heilt som dei såg ut til? Hadde dei noko i livet sitt som var veldig hemmeleg? Kva gjorde dei når dei var aleine heime eller når dei skulle ut på noko? Var dei einsame, fattige eller kanskje veldig berømte? Av og til har eg nesten sørga litt over alle dei menneska me aldri får sjansen til å bli kjende med.

Ei anna drivkraft er at eg alltid har ein sterk trong til å skapa eit eller anna. Laga eit ansikt på tallerkenen når eg legg ned maten. Plukka alle blomane eg finn og sjå kva slags bukettar det går an å laga. Klippa ut store mengder bilete og tekst frå vekeblad og laga noko fint av det. Strikka med fargar som ingen trudde kunne bli fine saman. Laga ein song om noko du høyrde nokon seia i butikken… Eg har langt frå same drivkrafta når det gjeld kryssord, sudoku, puslespel og slikt som det finst ein fasit til. Eg hugsar at min hovudinnvending i tankane mot matematikken me hadde på barneskulen var at der sat me og brukte masse tid på å rekna ut noko som dei vaksne visste svaret på frå før. Så langt og ikkje lenger strekte fornuften seg.

Så har eg alltid masse eg har lyst til å seia til folk. Mange tankar eg har lyst til å setja ord på, og mykje eg har lyst til å diskutera på ein respektfull måte. Som min tidlegare kollega Tove D pleide å seia: «Det er ingenting farlig med å være ærlig og redelig uenige» … Eg kan synast det er veldig interessant å snakka med menneske som ser verda frå heilt andre vinklar enn meg, men kan nok rygga litt tilbake om tonen blir aggressiv eller veldig ovanfrå og ned. Konfliktar og slåsskampar klarer eg meg litt for godt utan.

Og så har eg alltid vore så meiningslaust glad i å leva. Eg veit ikkje korfor det er slik. Det er rein flaks. Og det er kanskje den delen av meg sjølv eg nødigst ville forandra på. Eg veit at mange menneske har opplevinga av at livet deira går i motbakke, og eg har den aller største respekt for dei som må kjempa mot depresjonar. Det er urettferdig at livet opplevest så ulikt frå person til person. Det eg er sikker på er at me alle ber fragment av kvarandre sine liv i hendene våre. Dersom me forstår at me har eit stort ansvar for å ta vare på kvarandre, og ikkje minst på alle som er barn, enten dei er våre eller andre sine, så trur eg at me ville kunna bli flinkare til å støtta kvarandre og forsiktigare med å dømma.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget