Sommardikt
Me er heime att etter ei fin veke på reis. Vel framme på austlandet vart me endeleg minna om korleis tjue plussgrader kjennest ut, og kor velsigna godt det er å gå i ei blå T-skjorte som blir solvarm på ryggen. Eg sit her og jobbar litt med sommartekstar frå i fjor som framleis seier ein del om sommaren på Jæren. Eg tenkte eg kunne dela noko av det her med gode og velmeinande lesarar.
Er det nokre av desse dikta de synest fortener plass mellom to mjuke permar, i diktsamlinga som tenkjer seg ut til menneska nå i haust ein gong?

Når sommaren plutseleg bare er her
Når sommaren plutseleg bare er her,
brått og heilt uventa,
for kven kunne vel ha forventa slikt?
Når alle dører og vindauge må opnast,
og blomane koker i kvar sine verandapotter,
når lufta vibrerer mest utan pust frå vindane,
og bare ei skjære kastar skuggar
i nokre sekund før ho tek til vengene att.
Kroppen din har lagt seg ned i andakt
for å bare ta i mot,
for akkurat nå varmar sola så ubluferdig,
medan tankane dine
dovent tenkjer på ingenting
og gyngar fram og tilbake i hengekøya.
Du tek på den store solhatten,
tenk at du skulle få bruk for han på ekte,
og møter orda frå bøkene
du har teke med deg ut
for å bu i med heile deg,
og ikkje gjera stort anna,
heilt til du blir henta til andre oppgåver,
Men det kan bli lenge til,
sjølv om du sikkert burde meir enn du orkar tenkja.
Du veit det er i dag det er sommar,
det trumfar det meste,
enn så lenge.
Alt anna er det absolutt mogleg
å koma tilbake til
om ein dag, eller ei veke,
eller ein dag det måtte passa.
Sommaren er hastig utålmodig og heftig,
han må du møta den dagen
det let seg gjera,
bare ta i mot han,
med hud og opne sansar,
utan å stilla spørsmål.
*
Fargegata blues
Det er juni i Stavanger,
og det regnar.
Ei gate full av fargar
gynger menneska sine tapte håp,
i sakte monotone bølgjer.
Ein mann i lys sommarjakke
kjøpt ein gong for lenge sidan,
sit aleine på ein utepub med ein halvliter øl.
Duene kikkar på han
med store blanke dueauge,
og ristar støvet av fjørene sine.
Eit skip nede i havna
spelar klagande fløytetonar,
og syng om all verdas sorger
før det legg frå kai.
Før sola heilt uventa flerrar himmelen,
og slår synlege sprekker i melankolien.

*
Norsk sommar
Bygg deg murar mot kald trekk,
og dra inn lukt av bål,
når du minst hadde venta det.
Draumen er ei hengekøye,
og tankane
du bare nesten får tak på,
plager deg ikkje så veldig.
Her skal du få vera,
litt eller lenge,
til sommaren plutseleg
riv teltpluggane opp
og ruslar vidare.

Rusta for vestlandssommar
Rusta og klare
for vestlandssommar
med ullteppa plasserte i fleire depotar,
og gummistøvlane klare ved utgangsdøra.
Klessnora full av klesklyper,
i tilfelle halvtimar med god tørk.
Lusekofta heng over stolen
og regnkåpa på knaggen
Bordet som toler regn
står klar til dekking og dukar.
Blomane på plass i verandakrukker,
klare for humler og bier.
Sykkelen trygt under tak
med plasttrekk på setet.
Kveldane er nære og lyse.
Dei er her nå.
*
Det gjeld å vera klar
Sommaren er her
og gjer kvardagan heilag.
Det er nå sommaren er her,
ropar me vestlendingar høgt til kvarandre,
før me slepp gryter og mobilar,
PC-ar og strikketøy og stormar ut i sola.
Me lar ikkje sommaren og livet gå forbi,
det gjeld å vera klar.
Sommaren kan vera i dag,
om ein halvtime eller om to veker
det gjeld å halda seg parat.
Me er godt kjende med både regnet og nordavinden,
det kan vera i dag du har sjansen.
Få av deg på føtene
og kom deg ut i graset.
Få sand mellom tærne
og lev.
Det er ikkje noko å venta på dette her.
*
Juni
Framleis er juni.
Juni er nå.
Len deg tilbake.
Klor deg fast.
Radioen sendar sommar,
og det er stadar med ly for vinden.
Naboen sin hammar
treff spikaren på hovudet gong på gong,
i alle fall etter lyden å dømma.
Lukta av nysteikt brød frå kjøkkenet,
blomar som er så nye
at dei framleis står perfekte i verandapottene.
Det er nå du skal lena ryggen sin
mot det du har drøymd heile vinteren.
Dette er sant.
og du lever.
Heidi