30. mai

I dag vil eg begynna med å vera litt stolt mormor. I dag har me vore på Jadarheim på Fantefølge sin teaterfestival. Her er Baktus, spela av Iben i ferd med å bruka slegga på tennene til Jens for å byggja ut huset sitt. Iben har vore med pånybegynnargruppa i vinter, og dei yngste sette opp Karius og Baktus, stykket var delt inn slik at fire lag fekk spela ein scene kvar. Det var eit smart trekk. På den måten fekk alle vera i ein hovudrolle første gong dei var med på eit «ekte teaterstykke». Alle fekk mygg og scenelys, og dei fekk synga frå scenen. Veldig kjekt å sjå at neste generasjon og liker å spela teater. Både Sunniva, Ingrid og eg har vore med i teatergrupper og likt oss godt på scenen.
I går kveld gjorde eg og noko kjekt. Då var eg og tre barneskulevenninner samla heime hos Karin. Me har vore venninner sidan første klasse og prioriterer framleis å møtast minst eit par gonger i året. Det blir spennande samtalar med nokon du har vore 7, 9, 13 og 15 år saman med. Me har felles opplevingar av barndom og ungdom, og me kjenner til versjonar av kvarandre som dei me har møtt dei siste 30 åra bare kan sjå for seg og prøva å konstruera. Eg trur at nokon som har vore barn saman har eit felles grunnlag som gjer at me kan prøva å forstå både fortid og nåtid saman på ein spennande måte.
Og her heime går oppussinga si gang. I dag har me støvsugd og vaska og fått nokre av møblene på plass på det nye golvet. Faren med å få noko nytt og fint er at det gamle fort ser eldre ut. I bokstaveleg talt nytt lys ser me at sofaar og lenestoler er både slitte og litt flekkete. For ikkje så lenge prøvde eg å vaska vekk flekkar med såpe som burde vera eigna til slikt, men eg ser at det er ein del eg ikkje har fått vekk. Etter mange år med barn, vaksne, hundar og kattar, pluss husvertar som ikkje har sett det som si hovudoppgåve å passa på møblene, så er det ganske lenge sidan det såg nytt ut. Me har høyrd rykte om at det skal finnast nokre møbelrensmaskinar som ein kan leiga, så eg trur me må utforska den løysinga.
I sånne situasjonar blir ein litt utfordra… Bruk og kast er ikkje heilt mi greie, men kor tid er noko klart for utskifting. Det mest berekraftige må vel vera å bruka sine eigne møblar til dei er brukt opp… Og det same gjeld for klesplagg. Gjenbruk er ein idé, men kan me forventa at andre skal bli glade for ein sofa me ikkje vil ha sjølv? Det å kjøpa brukt er og ein idé. Skal me setja sofaen med flekkar framfor fjernsynet og investera i teppe og fargerike puter? Skal me kjøpa ny sofa på IKEA, eller skal me bruka meir pengar på å kjøpa noko som kanskje er meir slitesterkt og har høgare kvalitet? Det er mange spørsmål, og me veit ikkje heilt kor det ender.
Nokre av lampane har me sagt far vel til. Kanskje tida er komen for den futuristiske lysledningsgreia som me har over salongbordet og som ungane aldri heilt har hatt sansen for og er moge for utskiftning? Og er det verkeleg 12 år sidan me malte stova, eller kanskje til og med 14. Malinga me ville dekka ein tidlegare tildekka flekk med er alt for mørk…
Og alt dette er luksusproblem, om ein i det heile tatt skal kalla det problem. Her har me tak over hovudet og masse plass både til oss sjølve, barnebarna og andre gjester, som kan få disponera ubenytta rom på ubestemt tid. Me finn nok ut av det. Og me kan i alle fall ikkje ha det så fint at me og gjestene må gå på tå gjennom romma for ikkje å setja merke…
Heidi