Ein sjømann går i land

Dette innlegget handlar om det å slutta som lærar etter 40 år i bransjen. Det er skrive i august i fjor fordi eg på eit eller anna plan brukte heile sommarferien på å slutta å jobba. Eg tenkte det kanskje kunne vera gjenkjenneleg for nokon…
Ein sjømann går i land,
ein lærar legg vekk peikestokken?
To månadar sommarferie
med skuledraumar mest kvar einaste natt:
Spesialundervisning
Naturfagstimer med dissekering av piggsvin
og foreldremøte etter foreldremøte,
der alle sit i skinnlenestolar
og drikk konjakk av elegante glas
så lenge at eg kjem for seint
til nattoget i draumen,
og aldri kjem dit eg skulle,
sjølv om far min ringer meg på mobilen
og minner meg om at tida går,
musikalar eg aldri rakk å sjå ferdige
før eg vakna,
og som ikkje let seg gjenfinna
når eg ville sova meir.
Før skulestart spissar eg bøttevis av fargeblyantar
som eg ikkje rakk å preparera i mai,
med vannblemmer på fingrane syklar eg til skulen
for innlevering av dei, ipaden og skulenøkkel
i tillegg til diverse anna som har dukka opp i ferien.
Eg låsar meg inn på kostymelageret
for å hengja opp noko som høyrer til der,
og tenkjer at her treng eg aldri meir å rydda,
set på plass eit par bøker på materialromet
og blir overmanna av ei uventa sorg
fordi eg aldri meir skal henta noko der,
sjølv om materialromet var den ein av dei siste plassane på jorda
eg trudde eg nokon gong skulle lengta til.
Eg låser meg inn på det tome klasseromet
fordi eg vakna ei natt og lurde på om eg hadde gløymt heilt
å sjekka at eg hadde rydda kateterskuffa.
Det var godt eg vakna, for der ligg det framleis plaster,
ein pakke blyantar og ei øskje viskar,
ein ekstratur til materialromet burde eg kanskje bli glad for?
Åtte lause stiftemaskinstiftar går i søpla
saman med ein kulepenn frå felleskjøpet,
velbrukte laminerte lappar med vekedagar og fagsymbol
får ta fylgje til same destinasjonen,
dei har ingen bruk for lenger,
takk for lang og tru teneste
i C-klassen som ikkje eksisterer lenger.
Velsigna vere alle dei som var her
saman med meg dei siste åra.
Måtte dei ikkje bera med seg tunge minne,
om dette rommet eller om meg.
Nå står pultane deira vaska og tome,
ventande på eit nytt skoleår
med kvar sin stol på toppen.
Nøkkelen min skal registrerast inn,
men viser seg å aldri vera registrert ut,
eit mysterium andre enn meg skal ta tak i.
Ipaden blir levert med rett ladeleding,
kode og passord klistra fast på ein gul lapp,
for at dei skal kunna logga seg inn,
og sletta alt eventuelt gjenverande innhald.
Kollegene er ikkje der,
leiinga er på kurs
og dei andre kjem først i neste veke.
Eg gir kontordama ein god klem
og går ut att
ut i livet utan nøkkel.
Heidi