Gå til innhald

Ei kjærleikserklæring

juni 25, 2026

Dette er ei kjærleikserklæring til dagane og nettene rundt jonsok, og til landskapet me bur i.

Desse junidagane der det nesten ikkje blir mørkt om nettene står for meg som magiske, mjuke, pastellfarge og nesten heilage. Mange av oss veit at sjølv om me bur langt nord i livet, og det hender at deler av sommaren kanskje må nytast med ein jakke eller til og med ein regnjakke over sommarkjolen, så har me sommarlyset og sommar likevel.

På måndagskvelden gjekk eg og Leif ein tur langs Refsnesstranda. Det var ganske kald vind som hadde blese vekk laussanden nederst i havkanten slik at grunnen var nesten fast å trø på. Kveldslyset gav bølgene som slo inn tusen fargar, og det glitra som i diamanter.

Etterpå køyrde me til Hå gamle prestegard. Jæren klokka ti om kvelden i juni er eit fantastisk syn. Kveldslyset over markblomar, strender og åkrar er slik at du får lyst til å klamrar deg fast til det og aldri sleppa taket. Det næraste ein kan koma for å prøva å få det til er å fotografere slik at ein har noko å sjå på når det ekte har forsvunne. Det øverste biletet er av blomsterenga framfor heimehuset på Hå gamle prestegard.

På jonsokafta var eg og Torun på tur. Det var det perfekte tidspunktet å ha henne heime på Frøyland på ferie. Først reiste me til Kvassheim havn, kikka på fuglane og på utstillinga, før me drakk kaffi og åt lappar med rømme og rabarbrasyltetøy inne på kafeen i fyrhuset.

Etterpå gjekk me tur frå Hå gamle prestegard. Nede i Voien møtte me nesten oksen Ferdinand som lukta på blomar. For oss var det i grunnen ein fordel at oksen Ferdinand var ei kvige som beita der, og for poesien si skuld lukta på blomar, saman med venninnene sine…

På denne tida av året har dei fleste markblomane rukke å koma i bløming. Det er så vakkert.

Så gjekk me grusvegen ned til havet. Torun og eg var einige om at for den som er fødd jærbu vil gater av gull i det hinsidige ikkje strekkja heilt til. Me reknar nesten med at me i eit paradis vil finna grusvegar med steingardar på minst den eine sida og markblomar som vippar i akkurat passe lite vind.

Etter turen vart det rett og slett ein kopp kaffi på kafeen der og. Eit lite stykke lefse passar perfekt inn i ein vemodsvakker jonsoktur på Jæren.

På St.Hans- kvelden var det i fylgje familietradisjonen grilling i hagen til Odd Christian og Sonja. Jentene hadde sommarkjolar og blomsterpynt i håret og var akkurat.slik jonsokjenter skal vera på stemningsfulle bilete. At strømpebukser, strikkejakkar og pledd relativt raskt.måtte finnast fram er ein annan del av historien. Isen var ikkje for kald til å nytast, og jordbæra smaka så godt som bare norske jordbær kan gjera på denne tida av året.

Etterpå, då me sat i bilen med varme i seta, og prøvde å bøta på at me hadde fått frosten i oss tok me ein køyretur gjennom landskapet ned langs havet og såg på St.Hans- båla.

I går morges fekk eg melding frå Ingrid. «Har du lyst til å drikka kaffi med meg og Iben på Bryne?» Det hadde eg. Me kjøpte god kaffi på Kanelsnurren og sette oss ved eit bord ute for å nyta. Etterpå vart det rabarbragrøt og meir jordbær i Oddvar si heime bygde hagegynge. Sidan me ikkje er store gartnarar sjølve er Oddvar og Ingrid sin hage, som.dei overtok etter min hobbygarnaronkel Odd reine paradiset. I hagen er det eit lite basseng med springvatn der Odd plasserte eit stort solur. Medan han bare fantaserte om å få dette soluret, betydde ham meg, som då bare var ei lita jente, at han ville ha ein inskripsjon på soluret. Der skulle det stå som i songen : «Räkna de lyckliga stunderna blott,» Han nynna til og med songen for meg. Inskripsjonen kom aldri på plass, det kan vera at det vart alt for kostbart. Likevel tenkjer eg dei orda kvar gong eg sit og ser på soluret, og i går passa dei fint. I hagen har dei besøk av flotte fuglar som tjeld, svarttrast og vipe. Før eg gjekk måtte me prøva å losa ut ei lita linerle som hadde forvilla seg inn i stova og ikkje forstod at dei store glasrutene ikkje var til å fly gjennom… Heldivis fann ho fridomen til slutt.

Då eg kom heim, ordna Leif med sushi og heimekokt rabarbrasaft. Så fekk eg ei skriveøkt før eg vart henta av Laila. Me kjørde til Stavanger der Inger hadde dekka bord for foreininga vår i utestova. Me er ein gjeng «jenter» som har møttest ca ein gong i månaden dei siste førti åra. I går sat me «nesten ute», delvis bak glassruter og nytte at dagslyset bare langsomt vart til kveldslys, og då me køyrde heim var det framleis lyst.

I dag viste det seg å vera «heilt ekte sommarver» , så i staden for å setja meg som planlagd på kontoret for å skriva, vart det uteskriving på mobilen, skriving av eit kjæleiksbrev som dette, så idyllisk at det nesten gjer vondt. Forgjengeleg sommaridyll er og ein del av livet, men å skriva om det som er bare fint er merkeleg nok ganske vanskeleg. Tekstar om det ubehagelege, triste og uhandterlege får fort ein annan type nerve. Likevel tenkjer eg at me skal gi oss sjølve sjansen til av og til å dukka ned i slikt som er bare godt og vakkert. Rett og slett ta onkel Odd på ordet og «räkna de lyckliga stunderna».

Heidi

.

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget