31. mai

Vasen på biletet fekk eg av Gerd då eg fylde året nettopp. Greina er klipt av ein Rhododendron i hagen som strekte seg litt langt ut. Som eit skarpt auge kan avsløra så er standarden i stova «hulter til bulter» fordi parketten ikkje er på plass på heile golvet endå. Meir enn nokon gong treng me då nokre fine blomar å sjå på. På det andre bordet har eg ein bukett nydelege peonar som eg har fått av Jane.
I dag vart det TV- gudsteneste, eg hadde eigentleg tenkt meg på utegudsteneste på torget, men det å stå ute i regn sjukemelde eg meg frå. Som eg før har sagt så anbefalar eg alle å slå på fjernsynet på NRK klokka 11 på sundagar. For dei som ikkje kjenner seg heilt klare til å gå i kyrkja med heile seg, så er det fint å få høgtid, salmesong og gode ord rett inn i stova. Eg har og hatt ei anna fjernsynsoppleving denne helga som eg kan anbefala. I samband med Norsk Viseforum sitt 50- årsjubileum så sender NRK ein stor jubileumskonsert i to omgangar. Det andre programmet såg me etter Dagsrevyen i går, og det første fann eg fram til etter gudstenesten i dag. Her var det samla eit skikkeleg stjernelag av visesongarar, både slike eg har vakse opp med og nokre yngre som eg ikkje kjende til. Eg er veldig glad i viser, og ein periode skreiv eg ganske mange visetekstar sjølv. Dei siste åra har det blitt mest salmar, men nokre av dei er i det grenselandet ein kanskje kunne kalla vise-salmar eller salme- viser. Då eg var tenåring var eg såpass spesiell at eg heller ville høyra på Lillebjørn Nilsen og Alf Cranner enn på Abba, Slade og The Osmonds. Eg fekk veldig lyst til å skriva nye viser og samarbeida meir med visesongarar.
I løpet av helga har eg og fått fullførd fleire strikkeprosjekt. Iben ønskte seg ein genser i rosa børsta ull. På fabrikkutsalet fann eg akkurat den fargen og garnkvaliteten ho hadde bestillt. Det var ein pose med restproduksjonen av ein bestemt rosa farge. Det viste seg å vera så mykje garn at eg har strikka både genser, jakke og vest. Det kan vera at ho blir metta for livet med rosa plagg i børsta ull. Veslesystera nektar for tida å gå i noko som helst av heimestrikka plagg fordi det klør. Eg trur på at folk har ulik hud og ulik grense for kva som klør, så det å strikka noko til henne som ho skal overtalast til å ta på seg sjølv om det klør, har eg lite tru på.
I ettermiddag har me vore hos mor og far på kaffi og kveldsmat med lefser, havrekjeks og krydderkake. Tenk så heldig eg er som framleis har to friske foreldre som gjerne tek i mot besøk og som synest det er koseleg å stella i stand. Av og til får eg lyst til å halda tida fast med neglene og seia at ho ikkje skal gå så fort. Minstemann i familien fyller eitt år i komande veke, så då har me ikkje baby lenger, og minste jenta vår her er på oppløpssida i barnehagekarrieren sin og skal begynna på skulen i haust. Sjølv om ein skal pusta roleg og bruka tida som er her godt, så er det skremmande kor fort tida renn. Me må hugsa å ta godt vare på kvardagane våre.
Eg har skrive maiblogg i meir enn tjue år, så det har blitt ein langvarig tradisjon. Av og til les eg meg tilbake i tekstane og gjenopplever kva eg har skrive der for eksempel den ellevte mai opp gjennom åra. Det slår meg at mykje er likt fordi årstidene er eit landskap med ulike rom ein kan gå inn i. Eit av dei heiter mai- månad og der er det løvetann, kvitveis, korpsmusikk, bjørkesprett og stadig lysare kveldar. Det slår meg at ein del av det eg skreiv for for eksempel sytten år sidan, kunne eg har skrive på nokså same måten framleis. Me forandrar oss ikkje så mykje på alle måtar, og årstidene er vekslande, men samtidig dei same.
Nytt dette året er at eg er «frilansar, forfattar og AFP-ar», så skuleturar, avslutningar, forestillingar, utviklingssamtalar og evalueringar har ikkje vore ein del av rutinane. Eg har hatt betre tid enn nokon gong til å fullføra bloggprosjektet mitt. Eg må innrømma at det tidlegare år har hend at eg har sett meg stuptrøytt til tastaturet ein gong langt utpå kvelden, kanskje natta, og tenkt at nå må eg formulera nokre nokonlunde fornuftige setningar bare for å gjennomføra den fikse idéen om maiblogg. I år har eg hatt mykje betre tid. Annleis har det og vore at eg på ein måte framleis er litt rekonvalesent etter runden på sjukehuset. Eg kjenner framleis at eg ikkje er på mitt heilt normale energinivå, men er eg heldig så går det seg heilt til nå framover. Skrivinga går like lett som normalt, så det er ein fin anledning til å få brukt mykje tid på det.
Takk for fylgjet gjennom mai- månad dette året og. Nå er me ved grensa. Om litt over tre timar er me over i juni og då er det offisielt sommar, i alle fall reint kalendarmessig. Me får ynskja kvarandre ein god og innhaldsrik sommar. Eg kjem til å skriva her med jamne mellomrom, men ikkje kvar dag.
Fred og solskin
Heidi