Å falla for kunstverk



I samband med at me la nytt golv i stova måtte me flytta mange tunge ting, piano, sofaer, bord, kommode og bokhyller. Nå er me i gang med den for meg veldig tunge jobben å sortera ut bøker me ikkje har plass til. Eg forstår at bokhyller med dobbel -og -trippel -stuing av bøker ikkje er verken fint eller praktisk, men å sortera vekk bøker kjennest nesten som å svikta gode venner.
Det positive med denne ryddinga er faktisk at det dukkar opp bøker som eg hadde gløymt at me hadde. Mellom anna fann eg ei bok av Dag Brattbergsengen med bilete av skulpturane hans og dikt han har skrive om dei. Heilt sidan eg såg desse skulpturane ein gong for lenge sidan på utsalet på Hå gamle prestegard, har eg vore heilt forelska i dei. Dama til venstre er i mitt eige. Eg trur den skulpturen heiter «På veg til jobb». Eg kjøpte han for pengar eg fekk av venninner då eg fylde runde år ein gong.
Smaken er som kjend som baken, med andre ord delt. Då eg var med i innkjøpsgruppa i den kommunale kunstforeininga, slo det meg korleis eg kunne falla pladask for kunstverk som tydelegvis ikkje virka likt på andre. På utlodningane kunne eg og sitja og lura på korfor ingen av dei første tretti som var trekte ut valde det biletet som eg syntest var absolutt finast.
Funnet av boka til Brattbergsengen gav meg ei fantastisk lesestund i føremiddag og slikt skal ein aldri forakta. Eg veit ikkje korfor desse figurane appellerer så sterkt til meg. Kanskje fordi eg synest dei utstråler ei sjarmerande blanding av uperfekt styrke, optimisme og sårbarheit? Akkurat slik som livet kjennest for fleire av oss? Eg tar meg i å lura på om ikkje den blåkjola dama mi med den raude stresskofferten og dei solide skoa treng ein ny venn frå sin eigen stamme…
Heidi