Sommar og haiku

Få dagar er så fantastiske som fine sommardagar. Dei varmar sjela på mange måtar. Sidan sist eg skreiv har me hatt familieferie i Grimstad med barna og barnebarna, der me leigde et hus og levde saman i storfamilie tolv personar i ei lita veke. Det var byturar, bading, lange frokostar og VM i fotball. Dei som bur i Oslo blei med oss tilbake til Bryne, og så hadde me ei lita veke her som familie på sju. Når to av dei sju er under tre og eit halvt år, så blir det mykje liv og fest.
Nå er huset tomt og stille med bare Halvard tilbake som gjest. Veret dei siste dagane har vore fantastisk, og det eg har bedrive av skriving har vore utomdørs. Etter å ha lese Notto Thelle si bok om japanske vandrepoetar og haikudiktarar, så har eg kost meg med å utforska haikusjangeren. Sidan det er så strenge reglar for ord og stavingar, er ein nødt til å finna konsise ord. For meg som liker å bada språket mitt i mengdar med ord, trur eg det kan vera ganske oppdragande. Eg fekk lyst til å dela litt her. Desse dikta handlar som du forstår om barndomssommar:
*
solbrende ryggar
vart rekna som nesten sunt
tida endrar seg
*
sisu på flaske
og softis på hendene
den som var fire
*
sommarkjolane
knesokkar og sandalar
me hadde lengta
*
brødskiver med egg
prikkete matboks av blikk
familietur
*
folkevogn i fart
pledd og matboks i bilen
sundagar som var
*
bringebærhekken
plastspann i venstre handa
lukt av syltetøy
*
katten i tunet
mjølkespann på kjerra
farfar sine armar
*
aure i panna
salt og pepar mjøl og smør
sommarkveldsmat
*
lukt av gras og kveld
framleis lyst om nettene
oterfjøl og båt
*
ropa inn til middag
eg har dekka bordet sjølv
farmorkjøkkenet
*
pannekakene
flesk som knaste med høg lyd
ripssaft og sommar
*
oppbretta ermar
rutete flanellskjorte
farfar i juli
*
varm fjoslukt og kyr
farmor med mjølkemaskin
farfar med fjossko
*
det store smilet
i farfar sitt ansikt
han likte ungar
*
eggeglas i plast
forma som farga høner
morgonlys ute
*
kjøleg vatn frå bekk
drikk frå handflata utan kopp
blåbær langs stien
*
høy på hesjene
luktene av høgsommar
godt å vera barn
*
kvitt hår på bror min
det sikraste sommarteiknet
mitt var langt og tjukt
*
skulefri og ferie
naboungane i Vats
fekk ro heilt aleine
*
toreveret slo
plutseleg heilt mørkt ute
farmor var redd
*
sykkeltaskene
morfar sin damesykkel
sykkelklypene
*
stor parasoll
i bestemor sin hage
eit heilt eventyr
*
eg åt solbærkart
og spydde natta etter
men liker solbær
*
onklar i sola
luftmadrassar og fotpumpe
ikkje dra ut proppen
*
solnedgangane
det hende me kjørde dit
bestemor var med
*
jordeple på bål
svarte og fulle av sot
smakte nydeleg
*
nivealukta
hvitmalt bord og hagebenk
brusflaska opna
*
onkel hadde båt
me hadde redningsvest
det hadde mor og
*
fanga småkrabbar
sand og vatn i vaskefat
ei sjøstjerne og
*
kjøleg og salt sjø
skumblonder mot føtene
fotspor som forsvinn
*
solnedgangsbrisen
det finaste ordet så
det gøymde eg godt
*
folkevogn og takgrind
familiesommarferie
moreller frå korg
*
campingplassane
badminton og treningsdrakt
propanapparat
*
sovepose i telt
glidelås og luftmadrassar,
ferie lydar
*
byggefeltsommar
ungane bada i Hålå
ingen vaksne der
*
vatn som kan bera
korkbelte og symjekunst
snart flyt nok du og
*
vått hår og bading
litt solbrend på akslene
tungt og vått handkle
*
barbeint i skoa
men mest av alt utan sko
springa over grusen
*
jonsokbålet brann
svarte pølser på pinnar
trekkspelet og song
*
ein prikkete ball
stor og gul med mykje sprett
sandalar og skjørt
*
dirlevatn i glas
reiseradio og sol
nabolaget
*
teppe under magen
sol på ryggen og bøker
sommaren var min
*
reiseradio
we had seasons in the sun
og alt skal endrast
*
sykkelhjul mot grus
sol på bagasjebrettet
kanskje finn me fram
*
vaksne var vaksne
eit anna slag menneske
tryggleik nok det
*
å ikkje forstå
bare tolka sjå og tru
er lettast som barn.
*
å bli sett som barn
me visste ikkje den gongen
at me hadde flaks
*
tonen av barndom
den viktigaste songen
å bera med seg
*
små ting kan veksa
til store minne sidan
me visste ikkje
*

Det var fint å sitja ute og skriva sommartekstar. Eg skreiv ned tilfeldige sterke barndomsminne som dukka opp. Det som slo meg er at det som sit att i mage og ryggmarg er ikkje dei ekstraordinære opplevingane, men heilt vanlege kvardagsminne med vaksne som var der utan til ei kvar tid å stå på pinne for å underhalda oss barn.
Det gjorde meg i grunnen litt glad og optimistisk. Kanskje det barn treng mest er vaksne som er der, som ser dei når det trengst, og som lar ungane få lov til å vera ungar og gjera eigne oppdagingar av kva sommar er for noko?
Eg lurer litt på om minnene mine gir gjenklang hos andre, og om mine sommarhaikuar er relaterbare. Dersom nokon blir inspirerte til å skriva sommarhaikudikt frå eigen barndom, skal eg lesa med interesse.
Framleis god sommar.
Heidi