Gå til innhald

Kattungar i garasjen.

juni 17, 2004

I garasjen på skulen var det plutseleg fem små kattungar, den eine fant me oppi søppelkontainaren. Dei var for små til å klara seg sjølv ,så ein del av lærarkollegiet med inspektøren i spissen, var på kattunge-jakt mellom trillebårer og grasklypparar. Til slutt var dei fanga og Synneva og Jan Ivar var edle nok til å gje dei ein pleieheim med kattekorg og morsmjølk-erstatning for katt. Ungane på skulen seier at dei såg ein ihelkjørt katt langs vegen. Det kan vera forklaringa på at mora er sporlaust vekke.

Eg har ei kjensle av å gjenta meg sjølv litt. At eg alltid skriv om kor utruleg travelt eg har det, kor mange vakre kvardagseventyr eg opplever og kor usannsynleg trøytt eg er. Må bare innrømma at det er ein slik tekst eg kunne ha lyst til å skriva i dag og. Eg har nettopp kome heim frå Cabaret på ungdomsskulen der dotter mi på snart femten spelte gammal dame med puter på rompa og ballongar i BH-en. I går kom ho med ein kjærast eg måtte helsa på. Uverkeleg at ungane mine opererer med kjærastar.

Og om ei veke og to dagar dreg eg til Afrika. Skjelve, skjelve… Eg har bestemt meg for at eg ikkje har flyskrekk lenger, for at eg ikkje kjem til å få malaria eller kolera og unngår alle bilulukker… Samtidig gler eg meg, og kriblar av undring og skrekkblanda fryd for det eg skal oppleva. Me skal bu ute i bushen hos ei afrikansk dame som jobbar med psykisk utviklingshemma, og som er fostermor for diverse ungar kor av minst ein er autist…
På helsestasjonen har eg fått både hepatitt A og B sprøyte i tilfelle eg blir utsett for biting eller kloring.
Det eg gler meg aller mest til eg faktisk å møta alle ungane som bur der. Ho er til dømes bestemor til trillingar under eit år som bur hos henne.

…Men først skal eg sova og sova og sova, og så er det
Afrika neste…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Toril permalink

    Afrika høres så fryktelig spennende ut… Har familie som også reiser til samme kontinent på omtrent samme tid, derfor ble jeg ekstra nysgjerrig. Har du lyst til fortelle mer, kan du maile meg på mamta62@hotmail.com

  2. Ukjend's avatar
    Anne permalink

    Har du difteri og stivkrampe og? Skal ta både hepatitt, difteri, stivkrampe og poliovaksine, pluss ei drikkevaksine før Tyrkiet, og vi skal ikkje i busjen. Høyrest verkeleg spennande ut med den turen! Så spennande det må vere å skulle vere så nær lokalbefolkninga

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag tror du får en underbar upplevelse, och tänk så mycket du ska ha att berätta för oss sen!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Anne:
    Ja då, difteri og stivkrampe og det meste som tenkjast kan.
    Toril:
    Til Tanzania. Me skal vera utanfor Morogoro.
    Tintomara:
    Ja, det blir sikkert underbart. Men det kriblar i heile kroppen bare eg tenkjer på det. Det har noko med at det eg skal til er så nytt og ukjend at eg ikkje heilt kan forestilla meg korleis det kjem til å bli…

Legg att svar til Toril Avbryt svar