Gå til innhald

Utan sikkerhetsnett.

juni 6, 2004

Så har me allereie send mai månad ut over sidelinja. Det har vore ein månad full av liv og mange selskap, med ny limefarga linduk på bordet. Det har rukke å bli juni. I mellomtida har det vore tid for liljekonvall og rabarbra. Det har vore tid for brudespirea og vipeskrik. Og her har eg ingenting skrive…

I morgon er det premiere på “Mio, min Mio”. Tjueseks sprell levande ungar, kostyme, sølvfarga tresverd, store klasar med syriner og korger med brød og vatn, plantefarga garn i store korger, og mikrofonar som i beste fall virkar som dei skal.

Som dei ambisiøse instruktørane me er, Jan Ivar og eg, har me spikka fløyter, sydd bakteppe, sydd spisshetter og svarte kjortlar, klatra opp murvegger for å tetta alle lysglugger inn til scenen, plukka blomar og handla hampetau og runde steinbakte brød. Me har bygd brønn av ein gammal balje pluss gråpapir og hønsenetting, og me har laga tresverd og svarte kappar…

Så nå kjem det meste an på ungane. Det gjer litt vondt å vera i konkurranse med leirskular, musikk- korps, turnfestivalar og Sydenreiser når siste hand skal leggjast på verket, men me har gjort så godt me har kunna… Og i morgon kjem dei heilt sikkert alle saman, for då brakar det laus… Tusen menneske kjem for å sjå på oss, fordelte på fem framsyningar, og det meste kan gå gale… Å driva barneteater er som å turna i trapes utan sikkerhetsnett. Det er uuthaldeleg nervepirrande, og utruleg fascinerande. Så hald tomlar og kryss fingrar…

Og når siste framsyninga er over, skal det skrivast spesial- pedagogiske rapportar for den andre delen av jobben min. Så skal me feira at sommeren er her, og om tre veker reiser eg til Afrika. Eg er vaksinert mot det meste nå, og har resept på malariamedesin som eg må hugsa å levera inn.

Ei nær venninne har vore gjennom ein stor operasjon og fått vita at ho ikkje er alvorleg sjuk. Eg er jublande glad for det, og innser at det gjeld å skilja bagatellar frå det som verkeleg betyr noko.
Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Har undrat var du hållit hus – nu vet jag! Håller tummar, men allt går säkert fint. Jag minns med glädje de små enkla skolteaterföreställningar jag själv varit med att sätta upp. Så de kunde överraska en, ungarna, med fina skådespelarprestationer! Framför allt när de glänste som vanligen inte gjorde det i skolarbetet.
    Hoppas du får det fint i Afrika – men varför åker du dit nu, när det är så underbart här hemma i norden?

  2. Heidi permalink

    Forestillinga gjekk kjempefint. Eg er letta og glad. Eg er invitert til Afrika med ei venninne som er førtidspensjonert. Sommaren er den einaste gongen eg har fri lenge nok til å kunna gjennomføra tre veker i Tanzania. Skriv meir om det seinare.

  3. Hilde permalink

    Mio min mio var særs særs bra

  4. Heidi: permalink

    Tusen takk, Hilde! Me amatør- regissørar likar å høyra slikt
    😉

  5. Anne permalink

    Endeleg kom her ein tekst igjen 🙂

    Så fint det gjekk bra med Mio Min Mio. Høyrest spennande ut med Afrikatur! Eg skal berre noko så vanleg som til Marmaris. Spesialpedagog du er?

    Og no har eg laga ei ny, eller eigentleg fleire nye sider på nettet. Adr. er http://www.home.no/tick-tick om du skulle ville titte. 🙂

  6. Heidi permalink

    Kor er Marmaris? Ja, eg er spesialpedagog,- og mykje anna… 😉 Nå skal eg gå og sjå på sidene dine.

  7. Heidi: permalink

    Nå har eg vore der ein liten tur. Ser så spennande ut at eg må tilbake ein dag eg ikkje er på jobb og har god tid. Er sjølvsagt smigra over å sjå at nokre av dikta mine ligg på sida di.

  8. Anne permalink

    Marmaris ligg i Tyrkia. Sør-vest i Tyrkia trur eg. Eg er smigra over at ein ekte forfattar gidd å sjå på sidene mine 🙂

  9. Camilla permalink

    Hei Heidi:o) Eg dumpet tilfeldig inn her. Nydelig side og kjekt å se hva du skriver. Jeg er veldig lei meg for at jeg ikke fikk sett Mio min Mio. Men Sander slo hull i hodet, havnet på legevakten og skulle så få velge hva vi skulle gjøre om kvelden som trøst. Han valgte desverre ikke Mio min Mio. men det var kjekt å høre at det gikk bra. Dere e jo så flinke. Nå er vi flyttet vel inn i huset og kan puste litt ut. det har vært en stri vår, så nå gleder vi oss til sommerferie. God sommer og god tur til Afrika!!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: