Halvmånetid:
For det er halvmånetid,
midt i mellom ingenting og allting.
Det er halvmånetid.
Mellom alt og intet går jeg nå omkring.
Jeg vet da godt jeg går i ring,
og det gjør ingenting.
Sitat: Trille,
dansk visesongar som eg kjøpte alle platene til på åttitalet. Sidan har eg ikkje høyrt om ho.
Eg har bare ein ordinær feriedag att. Eg går i ring, bokstaveleg talt. Sommarferien er rett og slett brutalt over om få dagar, og eg prøver å få orden på mest mogleg av det eg hadde lova meg sjølv å gjera i ferien… Kanskje det hadde vore lurare å roa seg heilt ned, og få skuldrene sine på plass?
Dei siste to dagane har hovudprosjektet mitt vore å få skikk på arbeidsromet. To dagar på eit arbeidsrom høyrest sikkert ut som all verda med tid, men her må leggjast til at det og skal finnast tid til å ta med små gutar til tannlege for å få reparert avbrekte tenner, henta vaskemaskin på verkstad og ta att ti dagars tapt kles-vask-arbeid, administrera ein sikkerhetsrunde etterbehandling med lusemiddel, laga pannekaker til middag til ein stor familie, innfri ein lova handletur med Ingrid og tusen andre små og store oppgåver. Dessutan har svært få av lesarane mine sett arbeidsromet mitt. Dei som har sett med eigne auge veit meir kva det dreier seg om.
Eg har kasta store mengder papir, prøvd å systematisera kurskompendier og avisutklipp. Eg har sortert store mengder fotografier,og lege på kne under arbeidsbordet mitt. og stappa rusk og rask inn i støvsugaren.
Sjølvsagt har eg ikkje klart å motstå freistinga å fortapa meg i gamle dagbøker, falla i stavar over fotografi eg ikkje har sett på mange år. Eg har lese gulna papirlappar med utkast til dikt og noveller, kasta lekseplanar og pedagogiske opplegg eg har laga, lagra og aldri brukt om igjen. Eg har ei kjensle av at eg hadde trengt fire veker for verkeleg å koma til botns i galskapen, og sit med ei kjensle av dette er ditt liv.
Eg lar meg overraska over at ting eg skreiv for ti år sidan faktisk er ganske bra. Vidare undrar eg meg over kor lite eg faktisk har forandra meg på dei tjue åra eg har rydda opp i. Og akkurat nå frydar eg meg over at det bare har vore tre øydelagde lyspærer som har gjort at eg ikkje har hatt taklys her det siste halve året…
Og korleis det ser ut her nå? Heilt forferdeleg. Skrivebordet flyt over av tome ringpermar, plastlommar, postkort, pennar, og papirbunker. Men i morgon…
Heidi
haha, jag vet precis avd du talar om! Både att sommarlovet är slut och det där emd röjningen i arbetsrummet! Mitt arbetsrum blev inte färdigstädat, men det blev bättre i alla fall. (Fast det kan ingen tro som inte sett det innan!)
Med Alfred- röst:
Det är du och jag, Tintomara.
Du och jag… 🙂
Ja, nog är det märkligt så många parallelller det finns!
😉
Jag ska snart tipsa dig om min nya diet, har inte glömt det men ville prova några dagar själv först så att jag vet att det funkar på mig också, och att man mår bra och så där. Fast det gör jag, det är bara den vrickade foten som jäklas, och det kan ju knappast bero på dieten.
Jag har gått ner 3,7 kg på fyra dagar, men det är väl mest vatten.
Och jag har ingen termin som börjar, men mitt arbetsrum fungerar mest som skräpkammare just nu 🙂
Velkomen i klubben morsan.
Lukka til med kuren Tintomara. Eg har hatt vektfobi i sikkert sju år. Etter periodar med veging mange gonger til dagen kom eg til eit punkt då eg vart kvalm, uvel og lei meg ved synet av ei vekt tennkte eg at dette trong eg faktisk ikkje gjera viss eg ikkje ville. Eg les nokre bøker der forfattaren meinte at ein blei lukkelegare og slankare av å sky badevekter. Lukkeleg, ja ubetinga, men slankare… Vurderer sterkt å sjå vekta mi i kvitauget og psykar meg opp med ein dato for dramaet, for eksempel 1. oktober klokka åtte på badet mitt 🙂 Reknar med at det blir ein opprivande seanse 😉
Inte behöver du väga dig! Du märker på kläderna om du går upp eller ner! Sen är det så att den riktiga vikten ändrar sig inte så fort, variationerna på vågen beror på vatten i kroppen oftast. Ett måttband är bättre, fast dt är svårt att mäta lika varje gång tror jag.
Eg er imponert over at du har teke sats og gått laus på arbeidsrommet! Tvi tvi med avslutninga av arbeidet! klem
Synneva: Eg er ikkje heeeilt i mål endå for å seia det slik 🙂
jeg har sett arbeidsrommet – og jo – det er mye bedre nå! Flink jente
Takk, takk…
Ferdig! I alle fall med min del av rommet. Yes!