Gå til innhald

Heilt mot mi vilje…

februar 27, 2006

lot eg meg lokka ut på glattisen. Nokre av de som les her veit at bilkjøring ikkje er yndlingsaktiviteten min. Uheldigvis hadde eg lova Ingrid at me skulle kjøra innom eit kjøpesenter eit par mil lenger nord før me henta resten av familien på flyplassen. Då me reiste heimefrå, hadde det begynt å snø. Snøen fauk som i eit begynnande rennedrev. Rennedrev er eit lokalt uttrykk for den typen ver der snøen kjem fykande horisontalt med vinden og gjer vegane omtrent uframkomelege…

Glatt og vemmeleg var det, og eg hadde lyst til å snu. Ingrid meinte at det fekk vera måte på pyseskap. Fleire enn meg hadde problem med føret, dei hadde ikkje rukke å strø eller salta. Då me omtrent var framme, kom eg til eit kryss der eg plutseleg vart akutt usikker på kven som hadde vikeplikt. Eg bremsa ned, noko som eg trur virka forvirrande på han som kom frå høgre. Han vart og ståande og nøla, og sjåføren bak han igjen klarte ikkje å bremsa ned. Bilen sklei rett inn i han som venta på meg, og panseret hans oppførde seg bokstaveleg talt som eit trekkspel.

Eg lurde på om eg burde ha stansa opp og teke min del av skulda, men det kunne eg ikkje pga trafikken. Skuldbetynga kom me fram til senteret. Eg fordi eg hadde ei kjensle av å vera indirekte orsak til ei bilulykke, og Ingrid fordi ho hadde lokka meg bokstaveleg talt ut på glattisen.

Buksa fann me, men ho var ikkje på salg lenger. Me handla likevel, og så bar det til flyplassen. På veg dit hadde eg to vemmelege skrensar på bilen, og me såg andre bilar skli på stive hjul ut i grøfta. Eg vurderte seriøst å stoppa på ein bensinstasjon og be kjærasten min ta taxi ut dit, men me kom oss då fram. Vel framme var flyplassen stengd og alle fly forsinka. Etter å ha sprunge ut og inn til parkeringsautomaten medan me venta, fekk me beskjed om at flya hadde måtta returnera til Oslo. Så var me like langt. Tanken på å få bilen heim var lite forlokkande, og endå mindre forlokkande var det å måtta ut på ein ny henterunde seinare på natta.

Då var det barnet i meg hadde fått nok. Eg ringde far min som er pensjonert lensmann og har vore på glattisen før. Dessutan har han ingenting i mot å vera reddade engel med maskulint forteikn. Bilen vart etter mykje møye parkert på ein nedsnødd longterm-parkeringsplass og nøklane leverte i informasjonen. Min kjære far kom kjørande frå barndomsheimen for å få dotter og dotterdotter trygt heim…

På vegen heim såg me minst fem biler i grøfta, ein av dei med taket ned… Eg har fått melding om at ingen fly får landa på flyplassen før i morgon. Kjærasten min vurderer nå å ta natt-tog heim med Halvard og Sunniva. Kor lurt er det ikkje då med ein bil på flyplassen?- Men det ordnar seg nok…

Far min var riddarleg nok til å seia at mi skuldkjensle for kollisjonen me bevitna, var bare tullkjensle. Alle har ansvar for å halda lang nok avstand til bilen foran uansett… Og for dei av dokke som bur nære nok til å overprøva meg… De vil kanskje seia at så gale var då ver og føre verkeleg ikkje. Då kan eg setja nasen i sky og seia det var det det sååå…

I alle fall for meg….

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Hilde permalink

    🙂

  2. May Brit permalink

    Godt dere er heime 🙂
    Dagens tips: om magefølesen seier nei til noko – høyr på den! Magefølelsen er eit godt kompass.

  3. Heidi: permalink

    May Brit: Ja, men eg tenkte på den sms-en du hadde send meg ein time om mot og å sjå situasjonar fryktlaus i augene, og så trossa eg ei krystallklar magekjensle… 😉

  4. Heidi: permalink

    Ein time tidlegare, skulle det ha stått…

  5. Signe permalink

    Hei vennen min! Jeg er impoert over at du kom så langt på det føre! DET skal du være stolt av, og så skal du også hugse at det er ikke forseint å snu i tide… Så jeg syntes det var bra at «far » kom å henta deg» Ble nesten rørt her da jeg leste det…. Tårevåt i øynene…. Men vær iallefall glad du ikke bor på østlandet om dagen! Får her får vi nesten snø på brødskiva! Detta blir ikke bare litt.. Men VEL`DIG mye for alle i hop nå! Snø..snø..snø og atter SNØ!!!! Å vestland vest land….Det sier nå jeg da… ( særlig når jeg får telefoner om at noen kjører motorsykel omdagen!..)
    Men husk Heidi. Det som ikke tar livet av oss, gjør oss sterkere! Tenk hva du har å referere til nå…. 🙂 Helt til Sola I Snøkaos!!!! Det er jenta si det!

  6. Heidi: permalink

    Takk Signe 🙂 Var redd at alle skulle seia, det var då ikkje så glatt, men nå skal du høyra: På lokalradioen hadde dei i går bedd alle som ikkje absolutt måtte ut på glatta om å halda seg inne… Pluss <t heile førstesida i SA handla om den forferdelege glatta i går og alle bilane i grøfta… Nemlig! Takk for omsorg. Viss det er ei trøyst for deg så er det masse snø her og i dag… Har kjørt bilen fast i gardsromet to gonger…
    Viss du vil tolka draumane til Gunnar B må du innom bloggen hans 😉 Varm klem i detn kalde snøen…

  7. Heidi: permalink

    Det datt ut ein setning: Det skulle stå: Pluss at heile førstesida i Aftenbladet var via uveret og alle som låg i grøfta… Nemlig 😉

  8. Signe permalink

    🙂 Jeg har lest om drømmen hans, men kjønte ikke noe av den…. Har du klart å tolke den?

  9. Heidi: permalink

    Ein kan jo alltid tolka… 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: