Gå til innhald

Kva trur me på nå?

mars 2, 2006

I går fekk eg skrive ferdig barnemusikalen “Om å målbinda Frida Froskenfryd”. Det er ein moderne variant av folkeeentyret om prinsessa ingen kunne målbinda. I alle fall vart eg så godt som ferdig. Eg manglar framleis ein song, men før eg kan laga teksten må eg få nokon til å spela melodien for meg på pianoet.

Etterpå tok eg med meg Ingrid til ein optikar, fordi synstesten viste at ho trong arbeidsbriller. Det var viss feil optikar, for dei utstilde brilleinfatningane kosta sånn rundt omkring firetusen kroner. Som det økonomiske vesenet eg i sjeldne tilfelle opptrer som, så spurde eg om ho hadde noko billigare. Då kom ekspeditrisa trekkjande på “billigbrilleinnfatningar” i ein kasse, Dei var sånn nokonlunde like mine eigne briller, faktisk…

Eg meinte at det måtte då vera heilt ok sidan Ingrid bare skal ha dei til lesing og arbeid, og kikka interessert ned i kassen. Då såg eg dotter mi gå baklengs ut av butikken. Eg kjenner jenta godt nok til å skjøna teikninga, så eg sende henne eit raskt blikk. Ho fekk samla seg så pass at ho høfleg sa at me heller fekk koma att ein anna dag, ho klarte ikkje bestemma seg nå… Etterpå fekk eg mildt, men kontant høyra kor utruleg flautt det er å ha ei mor som ber om å få sjå det billigaste dei har i butikken. Så langt ingen briller frå meg…

Etter at me hadde ledd litt av oss sjølve, pakka me oss heim. Så skulle eg på spansk-kurset eg har begynt på. Eg bestemde meg for å la bilen stå heime og la rask i veg fordi eg hadde det litt travelt. I første skikkelege nedoverbakken sklei eg på holka og datt framover. Eg slo hol på den tjukke strømpebuksa på høgre kne, og inni det store holet blødde eg frå eit skrubbsår på kneet. Nå kunne eg velja mellom å droppa kurset og å koma som eg var. Eg valde det siste og følte meg som ei lita jente då eg kom med skrubbsår og holete klær.

Etterpå skulle kjærasten min og eg på kino. Billettar var bestilde, men først ville han be meg på middag. Me gjorde noko me normalt aldri gjer, me gjekk på ein dyr og eksklusiv restaurant. Eg hadde ikkje rukke heimom for å skifta klede, så eg drog skjørtet så langt ned som eg bare klarte og haldt beina under bordet… Me åt hjortefilet med gresskar-terningar og gresskar-puré og med fløtestua steinsopp, rødvinssaus og gratinerte poteter, nydeleg mat. Kaffi fekk me ikkje tid til så me var innom mc Donalds og kjøpte kaffi og kakao som me tok med oss på kino.

Filmen me såg var “Gymnaslærer Pedersen…” Det er ein ny norsk film etter ein roman av Dag Solstad. Han handla om ML-rørsla (marxist-leninistar) som på 70-talet var ei veldig markant rørsle blant studentar. Filmen skildrar omtrent same miljøet som den herlege svenske filmen “Tilsammans”. Mange norske forfattarar, deriblant Dag Solstad, var overbeviste marxist-leninistar. Filmen teikna ein flott tidskoloritt frå 70-talet, og det var mykje ein kunne kjenna seg att i. Sjølv om eg aldri var ein del av ML- rørsla, mellom anna fordi eg var for ung, kunne eg kjenna att ein del frå kyrkjelege miljø eg var i på 70-og 80-talet. Eg kejnde att denne altovervinnande vilja til å vera ærleg, til å stå mange saman og til å kjempa for det ein trudde på.

Dette var ei tid der egoet ikkje var det absolutte sentrum for alt… Eg lurde på om mange som er ungdomar nå saknar dei store visjonane som var så viktige for 20-30 år sidan. Det som slo meg var kor vakre folk eigentleg er når dei er heilt naturlege. Dette var miljø utan sminke og med klær frå loppemarknadar, akkurat som i dei miljøa eg gjekk i den gongen då. Eg brukte så og seia ingen sminke før eg var tjuefem, og for å vera ærleg har eg aldri lært meg kunsten skikkeleg etterpå heller. Førtifire år gammal bommar eg framleis med mascaraen.

Eg tok meg i å lura på om dei som er atten i dag ville oppleva det befriande om dei med største sjølvfølge kunne kasta sminken og push-up BH-en. Om det ville vera ei lette å slutta å bekymra seg over hår på leggene og under armane? Var det ikkje meir behageleg med kvite bomullstruser enn med blonde -G-streng..? Eg trur mange feministar frå syttitalet ville fått blodtrykksfall om dei hadde kunna sjå tretti år fram i tida… Men kanskje me er komne lenger på nokre felt og, la oss håpa det i alle fall? Eg las i avisa at “solidaritet” var det ordet som hadde hatt størst nedgang i frekvensen i avis-språket. Det ordet som hadde auka mest var “rettigheter”…

Eg kunne ikkje heilt la vera å stilla meg spørsmålet: “Kva trur me på nå?” Det er eit av spørsmåla frå ei liste som har vore som ein farsott på nettet i det siste. Eg har lagt merke til at fleire har svara: “Ingenting, absolutt ingenting…”

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: