Mormorsommar

Noko av det aller finaste med denne sommaren fram til nå er at eg har fått mykje tid saman med familien, og sett ganske mykje til alle dei fire barnebarna. Først var me ei veke i Grimstad i eit leigd hus saman med alle barna og barnebarna våre. Etterpå hadde me besøk av dei to små Oslogutane med foreldre. Eit par veker seinare vart det Oslotur på oss, og den siste veka har me hatt med mormorjentene frå Bryne på mormor- og- morfarferie til Astrid Lindgrens verden i Vimmerby i Sverige. Eldstejenta på åtte var med oss på ferie i fjor og, for ho som snart skal fylla seks, var det første gongen ho var så lenge vekke frå mamma og pappa.
Eg var sjølv ganske mykje på ferie hos besteforeldra mine om sommaren, eg var rett nok aldri ute og reiste med nokon av dei, men det å vera saman med besteforeldre utan at mor og far var der, trur eg skapte heilt eigenarta band til alle besteforeldra. Når mor og far er langt borte, må ein finna ut av det heile utan mellom-menn og det trur eg er sunt for alle partar. Livet hos begge para mine med besteforeldre var veldig ulikt livet heime hos mor og far. At dei to besteforeldreheimane og var utruleg forskjellige for kvarandre gjorde og at me fekk oppleva ulike måtar å vera heime på. Det var godt og trygt å vera barn alle stadane, og det gav me ulike vinklar på livet som eg kanskje ikkje ville fått på same måten utan nærverande besteforeldre.
Nå er det vår tur. Eg synest framleis det er litt uverkeleg at nå er det me som er besteforeldre, men slik er det jo. Det å vera mormor er ei fantastisk vinkling på livet. Først får ein oppleva eigen barndom, så er det barna sin barndom, og nå er det jammen ein ny generasjon barndomar å stikka hovudet inn i. I dag var det nesten litt tomt å vakna utan å ha ungar rundt seg, og i går kveld var det ingen barn som skulle lesast for i senga om kvelden. Eg innser at det er viseleg innretta at ein stort sett ikkje har primæransvaret for små barn når ein er over seksti, men jammen er det fint å få prøva seg litt som «småbarnsforeldre» med jamne mellomrom og i avgrensa periodar og oppleva at ein viss ikkje har gløymt kunsten heilt.
Astrid Lindgrens verden i Vimmerby er ein fantastisk park å besøkja. Eg er ein stor Astrid Lindgrenbeundrar, og dette har eg hatt lyst til i fleire år. Nå var jentene i perfekt alder til denne turen, og foreldra har vore med på å leggja eit godt grunnlag for at det skulle bli vellukka. Det har blitt lese Astrid Lindgren- bøker, og både Pippi, Emil, Marikken og dei andre er blitt studert på filmar, fortrinnsvis med svensk tale. I bilen høyrde me Astrid Lindgren- lydbøker, og fordi eldstejenta hadde veldig lyst til å sjå «Brødrene Løvehjerte- teater», introduserte eg dei for brødrene Løvehjerte og, sjølv om dei nok er i yngste laget. Først fortalde eg historia som munnleg forteljing, og så høyrde me lydboka i bilen heim. Me såg og tre av dei fire forestillingane om dei i parken, men den eine som var anbefalt for barn over ni på grunn av skumle effektar, var det bare eg og eldstejenta som såg. Yngstejenta var på Karlson på taket forestilling i lag med morfar i staden.
Astrid Lindgren- parken er nemleg meir enn noko ein teater-park. Ved ein del av husa er det bygd amfiscene og vist forestillingar. I år kunne me sjå Pippi-forestillingar, Emil- forestillingar, Karlson på taket, Brødrene Løvehjerte, Madicken, Ronja Røvardotter og Rasmus på Loffen. Det var mellom to og fire ulike forestillingar på kvar plass kvar dag, og forestillingane var delvis samtidig. Skodespelarane var veldig profesjonelle, kostyma var fantastiske og det same var lokasjonane og scenografien. Skodespelarane rei på ekte hestar, og Emil hadde ein ekte gris. Frå Kirsebærdalen og Klungerdalen sende dei ut ekte kvite brevduer, og ved kaia som låg inntil Pippi sitt hus kom det jammen seglande ei sjørøvaskute. Det var pappa Efraim Langstrømpe, sjørøvarkaptein og konge over Kurreduttøya, som kom heim for å henta dotter si. Etter forestillingane kunne barna få koma inn i husa, snakka med dei som var med i stykka, som framleis var i rolle, og dei kunne få ta på, klatra på og kjenna på alt dei ville. På den eine forestillinga vart dei av barna som hadde lyst inviterte til å byggja hytter i skogen saman med vaksne skodespelarar. Ein kunne og gå inn i huset til Per Pusling og kjenna korleis det var å klatra opp på høge stolar ved skyhøge bord og kjenna seg bitteliten.
Barna kunne gå inn i hus og miniatyrbyar, dei kunne leika i små bekkjer og elver, gå tur i skogar og klatra i leikeapparat og på leikeplassar. Det gjekk rutsjebanar ned frå huset til Pippi, det var benkjer og bord å sitja på over alt i parken, og dei som ville kunne ha med grillmat og grilla på felles grillplassar. Sjølv om det var både Pippi- butikk og Emil- butikk ved inngangen, framstod parken som lite kommersiell. Medan me vandra i gatene, fekk me høyra politibetjentane i byen til Pippi Langstrømpe spela fin musikk, og jammen møtte me ikkje både Pippi og andre bebuarar på sykkel gjennom gatene. På alle forestillingane var det song og dans. Barneskodespelarar var på plass i barnerollane, og vaksne skodespelarar i dei andre rollane. Dette med unntak av Pippi, som nok kan spelast like godt av ein vaksen med ei ekte Pippi på innsida. Eg vart veldig imponert, og det gjorde fylgjet mitt og. Me var heldige med sommarveret, og den eine dagen me var der var det heile 32 varmegrader ute. Det gjekk heilt fint sidan det var god plass, område med skugge og vatn der varme ungar kunne plaska og kosa seg. Det hjalp sjølvsagt litt med ein is og litt kald drikke i tillegg.
Ulempa for andre som har lyst til å besøkja parken og som bur omtrent på same plassen som oss, er at det er ganske langt frå Jæren til Småland. Me hadde ei overnatting på vegen både fram og tilbake, og tre netter i Vimmerby. Det var fint at nokon hadde fortald oss at me måtte ha todagars-billettar, for ein dag hadde vore alt for lite. På dei to dagane me var der fekk me sett åtte forestillingar i tillegg til å kosa oss i parken. Det var sikkert minst like mange forestillingar me ikkje fekk sett, og sjølv som vaksen ville eg helst ha sett alle. Nå er både eg og det eldste barnebarnet litt ekstra teaterinteresserte, så dette var verkeleg inspirerande. Sjølve byen Vimmerby virka veldig idyllisk, men den tok me oss ikkje tid til å besøkja. Det var og fine badestrender i området som me ikkje nådde å bruka. Me budde nær sentrum i eit litt nedslitt Pippi-inspirert hus med stor hage rundt, og etter dagane i parken ville jentene heller leika i hagen i lag med dei andre barna som camperte der enn å dra ut igjen for å bada.
Det vart mange timar i bilen, men med lydbøker og ein del pausar gjekk det veldig fint. Me er glade for at me kom oss av gårde, og har fått veldig fine opplevingar med oss både små og store. Då eg spurde yngstejenta kva som hadde vore det aller gildaste, så svara ho «Å dissa under epletreet i hagen der me budde», det er eit svar som er tankevekkjande nok i seg sjølv…

Heidi