Eg såg dei i går-








I arbeidet med å bearbeida dikt kom eg over dette som eg skreiv i fjor.
Det er skrive mykje fint om å begynna på skulen, men eg har ikkje sett så mange om å begynna på ungdomsskulen. Dette er sett frå læraren sitt perspektiv. Det er ei rar oppleving å senda frå seg ein gjeng elevar som ein har hatt ansvaret for i fleire år og bore med seg i tankane dag og natt. I motsetnad til med eigne barn så vinkar ein dei farvel og veit at nå skal andre overta ansvaret for desse menneska. Eg har ikkje lenger nokon rett eller plikt til å involvera meg i liva deira og det som skal skje dei. Ein må bare ta vare på alt det fine me har hatt i lag, og be ei stille bøn om at det må gå dei godt alle desse vidunderlege, sårbare og sprell levande ungdomane du har vore så heldig å ha fått ta fylgje med gjennom viktige år.
Eg såg dei i går
Eg såg dei i går
dei er ikkje mine lenger,
eg skal ikkje snakka med foreldra deira
på telefonen meir,
ikkje om fine, og ikkje om vanskelege ting.
Eg skal ikkje retta tekstane deira,
aldri oppmuntra dei til å jobba vidare
når dei er midt i ein fin dagdraum.
Eg seier aldri meir at dei må skunda seg
å ta av sko og jakke,
midt i viktige samtalar på gangen,
og eg skal ikkje spørja omsorgsfullt, engsteleg,
om noko er i vegen.
Men eg såg dei i går
på veg heim frå ungdomsskulen,
framleis hadde dei smilehol
og stjerneauge,
framleis hadde dei langt hår,
og sjenerte og skingrande stemmer.
Framleis baud dei på mjuke klemmar,
medan dei såg litt utolmodig framover
mot alt som venta og ropte på dei.
Framleis velsignar eg dei i tankane
og ynskjer dei god tur bort frå meg
og barndomen dei har budd i.
Framleis skal dei finnast,
ein hemmeleg stad i hjartet mitt.
Heidi