5. dagen i mai

Framleis har eg stova full av vakre blomar. Alle bukettane eg har fått den siste halvanna veka står framleis, eg bare plukkar ut det som har begynt å visna kvar morgon, og så står dei der omtrent like fine. Ein skulle nesten tru at dei som har kjøpt blomar til meg har brukt eit fargekart med same koden, for alt saman passar så fint i lag. Eg måtte finna fram den rosa løparen frå ei skuffe fordi nå var det rosa og grlnt som gjaldt.

Dagane kjem og går og er gode. I dag er det tolv dagar sidan eg vart innlagd på akutttovervaking på sjukehuset. Det kjennest mest som ein bisarr draum eg drøymde og vakna frå, men eg må nok forhalda meg til at det var verkeleg. Livet normaliserer seg medan blomane står der og lever blomelivet sitt. I dag halverer eg mengda blodfortynnande som eg har teke etter at eg kom heim. Eg føler meg i grunnen heilt som vanleg. I alle fall så lenge eg skriv, strikkar, les, tenkjer og snakkar med folk. Når eg skal gjera husarbeid, gå små avstandar eller anna fysisk, kjenner eg at eg framleis ikkje er heilt tilbake til normalen. Men det kjem seg.
I helga som kjem hadde eg og Anne Mette planlagd tur til Hamar for å besøkja Astrid. Det har eg gleda meg til. Eg har sagt til dei to andre involverte at eg håpar å kunna reisa som planlagd, men at eg må venta til det nærmar seg for å bestemma meg heilt. Heilt fram til sundag var planen å setja seg på toget fredag morgon. Reiseplanen var som vanleg, eg med tog og Anne Mette med fly. I går kveld bestemde eg meg for at det kanske trass alt var lurast å ta det med ro heime denne helga og. Det er ein lang togtur for ei helg, og det som gjorde utslaget var nok at togtrafikken har vore så aldeles til ikkje å stola på det siste drøye året. Buss for tog kan vera ganske slitsamt, spesielt fordi ein ofte ikkje får vita det før rett før turen startar, og fordi mi erfaring er at det kan vera mykje venting, kanskje ein eller annan plass ute, og at det kan bli mykje byting av bussar og tog, og av og på med bagasje. Då Halvard var heime før påske vart toget hans innstild to gonger før han til slutt gav opp og sette seg på eit fly. Sjølv har eg opplevd å måtta venta over ein time i høljeregn på eit busstopp på Krossmoen…
Det hadde nok gått bra, og eg sørgjer litt over eigen bestemmelse om å halda meg heime, samtidig er det ein bagatell i den store samanhengen, eg kjem til å ha det heilt fint heime og. Eg har fått beskjed om å ikkje pressa meg dei første vekene, og då trur eg dette er den rettaste løysinga. Eg er van med at eg greier det meste om eg legg viljestyrken til, men kanskje dette ikkje er rett tid til å tøffa seg. Litt av grunnen er og at fleire av mine næraste har sagt at dei synest det ville vera mykje betre og meir betryggande at eg rett og slett prioriterte å ta det litt med ro.
Og korfor skriv eg om dette på bloggen? Det har vel knapt nok allmenn interesse om eg skal på togtur eller ikkje? Det er kanskje mest for å dokumentera litt for meg sjølv om desse litt rare vekene… Eg har dokumentert mai månad i livet mitt i meir enn tjue år. I dag har eg lese meg bakover for å hugsa kven eg og livet mitt var på denne datoen bakover i tida. Eg har møtt meg sjølv i mange dører, og funne ut at på mange måtar er lite forandra. Det er den same dama eg møter kvar gong. Likevel er det kanskje lov å håpa at me blir litt klokare og får litt meir erfaring frå kvart år som går.
Eitt er forandra dette året. For ein gongs skuld sit eg ikkje med høge aksle og redigerer boka frå skapande skriving i kulturskulen, eg skal ikkje ha ein einaste utviklingssamtale, ikkje skriva ei einaste vurdering, eg skal ikkje planleggja 17.mai-pynting av klasserom eller turar og utflukter i mai og juni, eg har ikkje ansvar for ei einaste forestilling, og treng ikkje reka rundt i butikkar for å finna rekvisittar. Eg kan rett og slett bruka tida mi som eg vil. Det inneber mellom anna at det er færre unnskuldningar for manglande innsats i hus og hage… Og det inneber at i staden for å vera på jobb skal eg om to timar møta dei andre pensjonistane frå Bryne skule til lunsj på Ritz. Jo då, ein skrid fram i alder og i beste fall i visdom, og det er vel på mange måtar bra…
Heidi