Gå til innhald

4. mai- Open kyrkjekafé

mai 4, 2026

Nå kjem eg nesten rett frå open kyrkjekafé, og tenkte at det kunne vera dagens tema… For halvanna år sidan var me tre damer i diakoniutvalet som bestemte oss for å prøva ut noko me alle hadde gått og tenkt på. Kva om me av og til gjer kjellarstova i kyrkja om til kafé og lagar ein plass der folk kan koma og setja seg ned for ein prat og ein kopp kaffi? Me ville at det skulle vera eit lavterskeltiltak der alle i nærmiljøet kunne koma for å bruka kyrkja si til noko kvardagsleg, og for å møta nokon til uformell prat.

Vegen hit har vore litt kronglete og humpete midt i at det har vore fint. Me opplevde at når me inviterte til slike kveldar med lite eller ingenting program kom det færre enn me hadde håpa. Det å koma ein stad der det var lite folk, gjer at ein fort kan kjenna eit ansvar for at her må eg prata med mange og skapa god stemning, og så blir det ikkje heilt så avslappa å koma dit som me hadde tenkt.

Etterkvart begynte me å invitera nokon til å ha eit lite musikkinnslag for oss. Det kjende me var ein god idé, og nå etter jul har me teke endå eit steg vidare og invitert ein gjest kvar gong for å bidra med noko vedkomande er oppteken av. Me har hatt tema om å leva med demensdiagnose, om pilgrimsvandring, om å vera adoptivbarn på jakt etter biologiske foreldre, og me har hatt diktkveld.

I dag var Ståle Ree gjest hos oss. Han har nettopp gitt ut boka «Æg halte bare når æg går»! Boka er delvis ein biografi om kva eit liv kan innehalda frå det å bli påkjørd av ein lastebil som liten gut og å måtta vera aleine på sjukehus i månedsvis fordi besøk av foreldre bare gjorde sjuke barn urolege. Halvparten av boka er gode historiar, heilt sanne, halvsanne eller ikkje sanne i det heile tatt, som Ståle har brukt til å underhalda med gjennom eit langt liv som entertainer. Takk for at du kom og fekk oss til å le høgt og lenge, Ståle.

Sidan me er ei lita gruppe frivillige utan budsjett å lena oss mot, kan me bare tilby dei som deler med oss ein blomsterkvast eller litt sjokolade som takk for at dei kom. Det er me ærlege om når me spør nokon, og folk er forbausande generøse sjølv på dei premissane.

Me inviterer til open kyrkjekafé den første måndagen i månaden klokka 18.00- 19.00, bortsett frå i juli. Velkomen til alle som bur nære nok til å få det til. Dersom du kunne tenkja deg å bidra med eit innlegg på ca 20 minutt, eller kjenner nokon du trur me kunne spørja, er me og kjempetakknemlege. Dette er eit forum der det handlar om å dela med kvarandre.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget