Gå til innhald

Redigering…

september 4, 2026

Dette er arbeidsbordet mitt i dag. I går vart eg ferdig med å skriva ut ei førsteredigering av dikt eg potensielt kunne ha lyst til å ha med i den nye boka. Dei er ordna i underavdelingar med ulike tema.

Då eg talde etterpå, inneheldt bunkene til saman 158 dikt. Det er veldig mange… I den første boka mi som eg gav ut på Luther forlag i 1985 trur eg antalet dikt var på ca 40. Det vart ei slik tynn lita diktbok med paperback som det finst så mange av.

Kill your darlings, heiter det så fint om redigerings- og ryddeprosessar… Det er ikkje så lett som det kanskje høyrest ut til, spesielt ikkje sett i lys av at eg er ganske dårleg på både rydding og kasting i alle samanhengar…

Nå forstår eg og at med så mange tekstar er det sikkert ganske store nivåforskjellar mellom dei sånn reint litterært sett. Dersom eg klarte å finna dei tretti beste dikta, ville det kanskje vore klokare å gi ut bare dei enn å la dei drukna i meir middelmådige massar. Men så er det det at folk liker ulike ting, og i ei veldig tjukk diktbok kan kanskje dei fleste som liker dikt finna noko som dei kan ha bruk for?

Det som heilt klart var enklare då eg gav ut dikt på vanlege forlag var at det høyrde med til pakken å få ein høgkvalifisert konsulent. Nå har eg gode venner som eg har lokka til litt konsulentverksemd, og det er det god hjelp i.

Me får seia det slik at det å ha for mykje å ta av er eit luksusproblem. Eg finn nok ut av det. Dersom nokon har synspunkt og gode råd, skal eg lesa desse med stor interesse.

PS: Etter dagens siling og sortering er eg kanskje nede i 150 😁

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget