Gå til innhald

Tre moglege kjærleiksdikt

oktober 2, 2026

Kjærleiksdikt i tradisjonell forstand er kanskje ikkje min foretrukne sjanger når det gjeld skrivinga av dei.
Her kjem tre dikt som faktisk er ein slags kjærleiksdikt…

Det hender at me stansar opp

Å veksa saman,gjennom rekkjer av år,
månadar, veker og dagar
med nyfødde barn og nattevåk,
med småbarm og skulebarn, 
tenåringar og ungdomar,

å vandra nye rundar
med nyfødde i barnebarn i vogn
medan dei veks seg lyshåra og langbeinte,
og mannen din plutseleg står der
med langt kvitt skjegg
og eit krusifiks i lomma,

Ein dag er det du som leverer jobbnøkkelen,
og tek i mot pensjon,
og lurer på korleis du havna der.

Det hender at me stansar opp,
ser spørjande på kvarandre
og lurer på om det verkeleg er oss som står her.

***

Min mann

Er det min mann
som står der borte,
med langt kvitt skjegg
og rutete sixpencelue?

Er det han som smiler mot meg,
med softis i skjegget,
rosenkrans om halsen
og kaffi i kruset.

Kven liknar han på?
ein profet eller ein mulla,
ein ortodoks prest,
eller kanskje ein patriark?

Eg trur det er min mann,
sjølv om han ikkje brukte å sjå slik ut.

Merkelege livet
som transformerer oss,
overraskar oss
og let oss skifta formar og fasong,

der me vandrar saman,
sterke og svake saman
i stadig forandring.

***

Via til å elska og æra kvarandre


Via til å elska og æra kvarandre,
i gode som i vonde dagar,
og det gjer me så godt me kan,
inn og ut av fargekodar og interessefelt,
med og utan skjegg og langt hår.

Som Mummimamma og Mummipappa,
som hemular og snusmumrikar,
med og utan hatt, ryggsekk og vandringsstav,
går me fram i alder og visdom
i tospann og kvar for oss.

Me leitar og finn,
tala i sudoku og orda i kryssord,
i alle fall av og til,
medan me dansar tango mellom speglar og gåter
og plukkar liv med begge hendene,
gjennom frustrasjon og rik velsigning,
framleis takknemlege for fylgjet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget