Gå til innhald

Boka er i hendene mine nå

november 23, 2026

…og har vore det i litt over ei veke. Det er alltid veldig spennande å opna øskjene frå trykkeriet. Er alle sidene som dei skal vera? Vil det lysa stygge stavefeil mot meg som eg ikkje oppdaga trass i sikkert fem rundar med konsentrert korrekturlesing. Heldigvis har eg ikkje oppdaga nokon så langt. Til layouten fekk me kyndig hjelp av Linda Aardal frå Tryll design, så utsjånaden vart mykje finare enn det me hadde kunna få til. Leif er fotografen bak nesten alle bileta. Dei fortel historier om dei same temaa som eg har skrive om på ein litt annan måte. Det er litt færre fotografi denne gongen, det vart litt trongare om plassen sidan eg ikkje klarte å luka vekk fleire tekstar.

Boka er delt inn i fjorten kapittel slik at ein kan leita seg fram til den staden ein trivst best. Kapittela er nesten som små tematiske diktsamlingar. Eg var inne på tanken å luka vekk litt mindre og laga fleire bøker med ulike tema, men eg landa på denne varianten. Eg har alltid vore litt sånn «Ja, takk, alt saman». Min gamle norsklærar på ungdomsskulen, Bjørn Øftsaas, sa ein gong at eg nok måtte forsona meg med at det ikkje gjekk an å få inn absolutt alt i ein tekst. Det har eg nok innsett, men eg har viss aldri slutta heilt å prøva… Eg hadde lyst til å visa litt av boka her, sidan ho ikkje vil vera å finna i alle butikkar der lesarane mine kunne tenkjast å ha lyst til å handla.

Og i dikt og eventyr er det lov å drøyma seg litt vekk. Då kan ein henta fram ein saksofon og via natta til å spela jazz og blues sjølv om ein aldri skulle ha lært seg denslags i det verkelege livet…

***

Diktet under er titteldiktet. Noko av det eg har lyst til å formidla med denne boka er at håpet er noko me må løfta høgt opp. Det er så mange stemmer som kan ta håpet frå oss og gjera oss fattigare på livsmot og framtidstru. Sjølv har eg av ein eller annan grunn lett for å håpa… Og eg håpar at håpet er noko eg tek med meg heilt til eg ein gong, eg håpar om veldig, veldig lenge, sluttar å pusta.

Håpet mitt inneheld og eit håp om at me ein gong vil ha kome så langt at dei som styrer verda forstår at krig er noko av det mest meiningslause som tenkjast kan. At me ikkje har kome lenger enn at me sender unge menneske ut med det einaste livet dei har fått for å drepa eller sjølv bli drepne er meg heilt uforståeleg.

I den forrige boka mi «Kjære mi tid», var hovudtemaet på ein måte å snakka mildt til oss sjølve, til dagane våre og til tida vår.
Eg har eit kapittel som handlar om det å vera i tida denne gongen og. Det er vår etappe nå. (Sidan eg, grunna svært dårlege fysiske sprinteigenskapar ikkje kunne fordra stafettar i gymtimane fordi eg skjøna at eg sikkert kom til å øydelegga for laget, kan eg nå ta igjen gjennom å løfta stafettmetaforen til eit mindre fysisk nivå.

Eg innleiar alle dei fjorten kapittela med ein liten refleksjon kring temaet som fylgjer.

Og to av dei fjorten kapittela er via det å vera så heldig å bera med seg ei tru på å vera i ein større omsorg. Det eine av dei handlar om det å vera stille og lytta og det å opna seg for det heilage. Eg har og kapittel om barn, om sjølv å vera barn, om skulekvardagar og om det å sjå andre menneske.

***

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar