Gå til innhald

Eit menneske av mold

oktober 1, 2026

Eit menneske av mold

Den dagen Gud knelte ned på jorda
og forma molda med hendene sine,
forma ein kropp med hovud og hår,
og ansikt med ein tydeleg nase peikande mot himmelen.

Den dagen Gud bøyde seg ned
med åsynet lysande mot jordmennesket,
la munnen sin inn mot moldnasen,
og såg sin eigen pust
bevega ein brystkasse av jord,
skimta dei første pulsslaga frå eit nytt hjarte
vibrerande mot den første hinna av tynn hud,
pusta han til jordmannen pusta heilt aleine.

Den dagen Gud strekte ut ei hand,
såg jordmannen reisa seg med litt støtte,
og gå på vaklande føter heilt aleine.
Vissta han allereie då
kva slike som Adam var i stand til å gjera?

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget