Gå til innhald

I dag har eg vore mor i førti år

september 3, 2026

I dag har eg vore mor i førti år. For ei glede det har vore. Eg er myrsnipeaktig stolt av alle dei fire barna mine. Det å ha fått fire forskjellige små menneske å ta vare på og oppdra, gjorde at eg måtte leggja vekk mykje av det eg tenkte om at miljø trumfar arv, og at me som foreldre formar barna til det me vil dei skal bli. Eg fekk verkeleg oppleva kor ulike barn kjem til verda med kvar sin klare personlegdom og genetiske disposisjonar for kven dei er og kva dei skal bli. Dette har vore nyttig lærdom for meg som lærar og. Ein skal ha stor respekt for at barn er ulike. At tre av mine fire faktisk har vald å bli lærarar sjølv, med kvar sine styrker som gjer dei eigna til jobben, synest eg er fantastisk. Det er jo den beste jobben ein kan ha…

Gratulerer med dagen, Odd Christian. Eg kunne sagt mykje fint om deg, men det skal eg kanskje heller gjera på privaten. Eg kan kanskje likevel forsiktig ytra at verda treng varme, omsorgsfulle, milde menn med masse humor og sjølvironi. Verda treng slike som tek seg tid til å sjå andre sine behov, og aldri har gløymt kor kjekt det er å leika.

Dette diktet skreiv eg i ei av dei første diktsamlingane mine då eldsteguten var under eit år gammal.

Sidan har eg fått fire barnebarn som er minst like ulike som mine eigne barn, og eg ber dei med meg kvar dag i tankar og bøner.

Babysmil

Babysmil skal ein halda seg fast i,
dei glade og tannlause,

tillitsfulle og heilt utan bakþankar,
dei som ordlaust ropar,

eg er her,
eg ser deg,
eg har det bra.

Mjuke runde babykinn
streifer leppene mine
du står her i fanget mitt

med alt du veit
og smiler tillitsfullt
mot alt som er og koma skal.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget