Gå til innhald

Kva skal barnet heita?

september 14, 2026

Eg håpar eg er i rute med diktboka eg håpar på å få gitt ut i november. Det store arbeidet i haust har vore å bearbeida og luka i store mengder med tekstar som eg har hatt liggjande. Den første diktboka eg gav ut i 1985 på Luther forlag trur eg hadde ca 40 dikt. Når eg skulle samla alt eg hadde liggjande var vel antalet veldig nær 200 tekstar…

Framleis har eg vel bortimot 150 dikt i bunkene, så under 100 kjem eg nok ikkje… I tillegg skal eg ha inn mange fotografi og små forklarande tekstar…

«Kill your darlings» blir ofte slikt rydde- og sile-arbeid kalla. Det er lettare sagt enn gjort, for kva om ein luker ut noko som absolutt burde vera med? Dessutan rydding har aldri vore min forse.

Det eg kjem, til å gjera er å rydda stoffet i tematiske bolkar slik at det på mange måtar blir fleire bøker i ei bok. Eg kan me andre ord lova at kjøparane får mange, og kanskje til og med reine ord for pengane…

Og så kjem alltid det store spørsmålet: Kva skal boka heita? Eg har laga meg ei liste med moglege titlar, som alle i tillegg er namnet på eit av dikta i boka. To moglege titlar er «Kortvandrande pilegrim» og » Eg et håp til frokost». Nå er spørsmålet mitt i dag: Kva for ein av desse titlane ville gitt deg mest lyst til å lesa/ kikka på boka. Eg er takknemleg for innspel.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget