Gå til innhald

Håp til frokost- snart bok nå …

oktober 15, 2026

Det har vore nokre travle veker på arbeidsromet mitt, og innimellom vart det jammen tid til ein liten Oslotur og. Eg har nå så godt som kome i mål med den nye diktboka, samtidig som eg saman med ei gruppe ungdomar har laga manus til kulturskulen si tiandeklasseforestilling rett før påske. Det har vore ei stor glede å jobba kreativt saman med ein gjeng tiandeklassingar dei siste månadane. Kreativt arbeid med elevar er vel kanskje det eg kunne seia at eg saknar mest med det å ikkje vera i skulen lenger.Det eg verleleg kan nyta med å ikkje jobba i skulen lenger er det å kunna styra eiga tid, sovna lukkeleg utan innstild vekkjarklokkealarm, og det å kunna ha all den tida eg treng til eige kreativt arbeid og til frivillig arbeid i kyrkja.

Det å laga ei diktbok er veldig spennande, og så inneber det alltid overraskande mykje arbeid mot slutten av prosessen. Då er det masse utfordrande tekstarbeid, og mange val som skal tast. I den prosessen rullar timane endå fortare enn dei gjer til vanleg. Biletet i dette blogginnlegget viser litt av arbeidet med å finna fram til ei god framside. Eg sit her og ser på ein haug med fine bilete som Leif har fanga med kameraet sitt. Kva for eit skal eg velja? Det er ikkje eit enkelt val. Eg vil gjerne at framsida/ omslaget skal uttrykkja håp og glede, for det er på ein måte det overordna temaet denne gongen. Så kjem alle spørsmåla…
Er dette biletet for rotete? Er det for glatt og polert? Blir det litt for blast og anonymt? Skrik det for høgt og har for skarpe fargar?
Akkurat det med framside er eg faktisk ikkje heilt i mål med endå, men nå drøftar eg det med flinke Linda Årdal på Tryll design som skal hjelpa oss med lay out og design denne gongen og. Ho sit akkurat nå ein annan plass på Bryne og jobbar med manuset vårt. (Og eg er ikkje sponsa av nokon, eg synest bare ho er imponerande flink, så eg hadde lyst til å nemna det.)

Tittel er ein annan ting. «Kva skal barnet heita?» Det er sjeldan heilt innlysande det og. Etter mange rundar med meg sjølv og med andre, så blir tittelen «Håp til frokost». Her må eg ila til og seia at eg veit godt at ordet frokost ikkje eigentleg er eit godt nynorsk ord. På nynorsk heiter det frukost. Dessverre er frukost eit heilt ubrukande ord i munnen min, fordi ingen seier det her og tittelen må kunna uttalast av meg sjølv utan at eg tek sats. Då eg var barn var ordet «mårons» eller «måronsmad», så blei det til frokost på eit eller anna punkt, kanskje fordi ingen rundt meg sa «mårons» lenger? «Morgonmat» blir og for meg eit ubrukeleg ord i ein tittel.

Då eg gjekk på vidaregåande, eller «gymnaset» som me vel sa, hugsar eg me lærde i ein norsktime i faget «norsk valgfag» med lektor Gøthesen at forfattarar på ein måte var heva over rettskrivingsnormene. Dei kunne tillata seg å bruka dialekt i tekstar eller på andre måtar leika seg med konvensjonane på ein annan måte enn når ein skreiv norsk stil eller andre meir offisielle tekstar. Eg kjende med ei viss lette at nå var det kanskje min tur til å kikka litt ned på lovar og reglar og tenkja at dette kan eg gjera som eg vil med. Er frokost det rette ordet, så får det bli frokost. Og så er det godt å kunne skulda på ein autoritet som Gøthesen viss det skulle trengast. Dersom det var han, då, og eg ikkje hugsar feil… Det kan tenkjast at det faktisk var Bjørn Øfstaas som lærte oss det på ungdomsskulen…

Men uansett. «Håp til frokost» er nå til lay-out- behandling, og skal forhåpentlegvis i trykken i løpet av kort tid. Kvar gong eg er så langt med ei bok, kjennest det som eit lite under. Dersom alt går som eg håpar, blir det boklansering på biblioteket tysdag 8. april, sannsynlegvis klokka 19.00. Dette gir eg endeleg beskjed om etter kvart, men dersom nokon har lyst til å halda av ein time til eit møte med boka denne kvelden, så går det an å skriva med blyant i almanakken…

Nå blir det kanskje tid til å koma seg til frisør, eller til optikar eller anna av slikt som eg ikkje har vald å bruka tid på den siste månaden, og som eg eigentleg burde teke tak i for lenge sidan. Ha ein fin oktoberdag alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar