Bøn

Bøn
Eg er her for å lytta,
eg opnar dører og vindauge,
eg låser opp
alt eg har nøklar til.
Gud, lås deg inn i romma
eg framleis ikkje veit om,
dersom det skulle vera tenleg.
Ta hendene mine i dine
og fyll dei
med det eg er i stand til å ta i mot.
***
I den nye diktboka mi blir det mange kapittel. Eit av kapittela skal ha plass til kontlempative dikt, dikt som handlar om å søkja Gud i stilla. Eg fekk lyst til å dela eit av dei her.
Heidi
Kommenter innlegget