Gå til innhald

Wenn Jemand eine Reise tut…

juli 17, 2005

Eg meiner det var slik det var. Ein roman, trur eg, som fanga interessa mi då eg hadde tysk på gymnaset…

Me kom heim kring midnattstid i går. Heim til ei ny verd. Ute var det meir enn tjue grader kaldare enn det me reiste frå. Som ekte sydenturistar kom me heim barbeinte i sandalar og badesko, med korte bukser og ein stråhatt i handa. “Ute var det lyst , ikkje mørkt, -og grønt, ikkje brunt. Motorsykkelvenen til Ingrid venta sånn omtrent på trappa. Førti ulesne aviser låg på bordet. Det var dårleg ånde frå kjøleskap og søppelspann. Dette sjølv om eldsteguten verkeleg hadde prøvd å rydda før han drog på hyttetur. Han har endå att å læra at klutar kjem til å lukta vondt om ein ikkje skyler dei og vrir dei opp.

Me kom oss aldri i seng. Aviser og datamaskinar lokka meir enn det å pakka ut koffertar. Soveromet var iskaldt. Me trong varme dyner etter å ha sove rett på lakenet mest utan klede, med ei vifte rett i mot oss i fjorten netter. Det kjendest som heime, og det kjendest som framand.

Ungane er spreidde for alle vindar, og kjærasten min er på golfbanen. Etter at me har levd på ein armlengdes avstand til einannan i fjorten dagar, skal me leva meir kvar for oss. Noko av det sterkaste med ein ferie er at ein kjem einannan så nære. I fjorten dagar har kjærasten min, eg og dei tre yngste ungane, levd i ein symbiose fjernt frå kvardagslivet. Me har ete alle måltid saman, kjørt på lange turar i lag, hatt høgtllesing frå Arthemis Fowl om kveldane og opplevd ting ingen andre har delt med oss.

Lesing er viktig for alle har i huset. Då Odd Christian ringde meg for å seia at han ikkje kom til å vera heime når me kom heim, bad han oss om å senda ei melding der me fortalde om Harry Potter- boka han hadde bestilt var komen. Det var så fint bare å vita at ho venta på han. At Harry Potter kan fengsla ein gut på snart nitten like mykje som ein tiåring er interessant.

Sjølv har eg hatt Simone de Beauvoir som min næraste ferieven på sida av familien. Eg har lese meg gjennom biografien hennar “Moden alder”, som handlar om åra frå ho var godt og vel tjue til fram i etterkrigstida.

Eg elskar biografiar. Det er sikkert noko av det same som gjer at eg er så fascinert av bloggar og nettdagbøker. Dette å få kikka inn i andre sitt liv og ikkje bare vera bunden til eigne opplevingar gjer nye og utfordrande perspektiv på det å leva.

Ved eit smilande samantreff las eg om då ho og Sartre hadde vore i Alhambra utanfor Granada akkurat same dagen som eg var der sjølv. Det er ascinerande at opplevingane våre faktisk langt på veg var samanfallande gjennom tid og rom.

Noko eg og vart fascinert av var hennar interesse for livet, og evne til å la livet skje. Eg ynskjer å leva livet mitt i ein tillit til livet eg og. Eg ynskjer å la ting få lov å henda, og å vera levande midt i det som hender utan så mange atterhald. Det er ein livskunst i ein del samanhangar. Nemnde eg forresten at eg ikkje er redd i fly lenger?…
I tillegg til å vera djupt interessert i livet, er eg djupt truande. Eg trur at Gud er bak alt, i alt og over alt. Eg trur at eg kviler i kjærleik. Dessto større grunn burde det vera til å våga å leva med opne sansar utan atterhald.

Simone kunne trass alt som hende, konsentrera seg om å skriva. Akkurat det kan eg misunna ho på eit vis. Eg ville så gjerne skriva meir eg og. Prisen for det var mellom anna at ho avstod frå å ha familie. Ikkje eit sekund hadde eg vore villig til å betala den prisen. Som ei kattemor, ei løvinne eller ei kva som helst, elskar eg å leva tett med barna mine. Eg vil kjenna dei rundt meg, over meg, inntil meg. Men eg veit dei ikkje er mine. Meir og meir skal dei bevega seg i større og større sirklar frå meg, og eg skal framleis la meg fascinera av livet.

Nå er me på vide vanke, og teksten er blitt for lang. Meir personleg enn eg vanlegvis skriv vart det visst og… Eg som hadde begynt å rydda kjøkkenet lot meg overmanna av skrivelysta. Det ville vera interessant å vita om nokon les seg heilt gjennom så lange tekstar som dette. Gje meg gjerne eit livsteikn. Om to dagar er det festival i Seljord. Der skal eg vera, forteljar, halda kurs, bu i telt og møta att ei særdeles kjær venninne. Wenn jemand eine reise tut…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. morsan permalink

    Jodå, flera gånger till och med. 🙂 Norskan är inte helt lätt 🙂

  2. Heidi: permalink

    Sorry for at eg ikkje skriv flytande svensk, morsan. Ikkje ver redd for å spørja om ord du ikkje forstår.

  3. morsan permalink

    Ingen fara, jag lär mig med tiden …

  4. synneva permalink

    velkommen heim, alle saman! Høyrdest ut til å vera ein fantastisk ferie! Sjølvsagt les ein så lange tekstar! Når du skriv, kunne teksten vore endå lenger! Stor klem

  5. Heidi: permalink

    Tusen takk, kjære Synneva. Me reiser att i morgon. Eg har noko til dokke… Kanskje det får venta til neste veke, i dag har eg så mykje å ordna. Snakka nettopp med Oddveig. Dei dreg til Seljord dei og, satsar på å vera naboar der. Blir kjekt… Nå niøver eg på forteljingane mine.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: