29. mai

Eg har hatt ein roleg føremiddag i utestova medan den dyktige golvleggjaren, som starta arbeidsdagen klokka sju i dag morges, legg parkett i stova. Eg er imponert over energi og framdrift.
Sjølv har eg drukke kaffi og ete knekkebrød med ost og agurk og masse vannmelon medan eg høyrde på Bjørneboebiografi på lydbok. Eg har med stor interesse lese magasinet «tørst» utgitt av Aeroagos, eit temanummer om «Utvidet tro», med fokus på religionsdialog og delt truserfaring. Ein av impulsane der i frå er at me ofte blir så skråsikre når me snakkar om tru. Me blir så opphengde i det me sjølve trur på at me gløymer å lytta til kvarandre. Så gløymer me heilt at me kanskje saman kan lytta oss fram til nye djup ved å dela erfaringane våre, og ved ta andre sine erfaringar på alvor.
Så har eg snakka i ein time og sju minutt på telefon med Torhild. Nå når me begge i stor grad styrer tida vår sjølv, har me blitt ivrige telefonpratarar. Eg må innrømma at eg ofte fjernkommuniserer med folk via sms, men det er noko med nærveret i det å høyra kvarandre sin levande stemme som eg ikkje trur me skal undervurdera.
Etterkvart fekk eg henta fram skrivesaker. Tidlegare i veka skreiv eg om Notto Thelle si bok om dei japanske vandrarpoetane, som levde eit veldig enkelt dikt på vandring medan dei skreiv haiku- dikt. Eg sa at eg fekk lyst til å prøva meg på sjangeren. I dag har eg leika meg litt med å setja enkle sanse opplevingar og betraktninger inn i haiku- formelen. Thelle og andre har skrive at mange vel å vera litt romslege med antall stavingar pr linje som eigentleg skal vera
5
7
5
Sidan eg er heilt på eksperiment stadiet, har eg vald å bruka dette mønsteret slavisk for å sjå og kjenna korleis det blir. Her er min veldig vaklande og urøynde haiku-debut. Eit forklarande tillegg bør kanskje fylgja det første diktet. For ei veke sidan kjøpte eg ein bukett fargesterke raud/rosa/oransje peonar. Eg fekk vita at dei kom til å skifta farge. Via lakserosa og bleikrosa er dei nå blitt kremkvite og nesten ferdige…

Men altså, Haiku frå Rosseland, Bryne.
*
kvite peonar
sterkt rosa sist fredag
slepp blada sine
*
vipe i hagen
silkevest og hodefjør
før kom dei i flokk
*
natt og fuglesang
stadig lysare himmeL
kroppen min endrest
*
barføtt i graset
kjøleg dogg og fuktig mold
snart juni månad
*
petuniaen
heng hutrande i vinden
sommarfuglblomar
*
tørkestativet
fullt av farga klesklyper
ventar på oppdrag
*
farga sofaputer
solgule og himmelblå
i tilfelle regn
*
hortensiaen
skiftar fort farge dersom
jorda blir for sur
*
vinden syng for oss
songen som me jærbuar
er fødde inn i
*
lønnetre i dans
grøne viftande hender
mjuke nyfødde
Heidi