27. mai

I dag fekk eg for min del sett tenner og tunge mot årets første norske jordbær. Dei smakte heilt fantastisk.
Torhild og eg skulle ut på oppdrag i dag, me skulle ha program på eit møte i Mental helse på Klepp klokka seks, med temaet håp.
Sidan ho har vore bortreist bestemte me oss for å møtast og eta lunsj saman hos meg og samtidig gå gjennom programmet me hadde laga og sjekka at me hadde kontrollen.
Ho kom med norske jordbær frå Talgje kjøpte på grønsakbua ved «Skjævelandsbrunå» og med nysteikte potetkaker frå ein lokal bakar. Eg stilde med salat, ost, eggerøre, smør og heimebakt knekkebrød. Det vart eit skikkeleg festmåltid ute i hagestova.
Medan ho var der skjedde det fleire spennande ting som går på avtalar rundt dette med salmeskriving. Det er ikkje alt som kan skrivast her endå, men den eine tingen er at eg og Arne Martin Aandstad fann ein dato for salmeveld på Avaldsnes i august. Etter at eg møtte han på salmeverkstadseminar på Lia gård har me samarbeida mykje. Eg gler meg til me skal laga denne kvelden med salmar me har laga i lag.
Eg tek med ei sommarvelsigning, for nå er jordbæra her, og då kan sommaren koma kvar dag som helst. Dette er skrive med inspirasjon frå den keltiske tradisjonen der dei hadde velsigningar for nesten alt ein kan tenkja seg. Mange av dei var ganske praktiske og jordnære og handla om daglege ting. Då eg var på Iona lærde eg at i den keltiske tradisjonen har dei vore mindre opptekne enn oss med å dela livet inn i det heilage og det verdslege. Livet er heilag og alt som angår livet angår Gud. Dette kan eg ha stor sans for.
Ver velsigna:
***
Sommarvelsigning
Måtte du finna deg sjølv att
med sol i ryggen
og sand under føtene.
Måtte rabarbraen knasa
surt mellom tennene dine,
måtte hendene bli fylde
av svarte mogne solbær
Måtte angen frå eit nesten nedbrend bål
kitla deg i nasen,
og måtte auga dine
bli fulle av sommarvarme
slik at du vågar å sjå.
Måtte Gud sine sterke armar
verna deg,
og leggja songar av håp på tunga di.
Heidi