Gå til innhald

26. mai

mai 26, 2026

I dag gjekk eg ein tur i Sandtangen. Det var ikkje ein veldig lang tur, eg gjekk vel i litt over ein time i veldig roleg tempo. Eg stoppa med veldig jamne mellomrom for å fotografera, for nå var det så mykje som hadde sprunge ut både av tre og blomar. Fargane var så fine, og eg måtte opp med mobilen i håp om å spara på inntrykka, sjølv om eg veit at det i grunnen ikkje let seg gjera.

Etter å ha slite i mange månadar med eit vondt kne og muskelsmerter i ein legg, har det ikkje vore sjølvsagt at eg faktisk skulle bli i stand til å gå lange turar utan at det gjorde vondt å trø ned. Eg håpa det jo såklart, men eg begynte å frykta at det var artrose eller noko anna eg bare måtte leva med, sjølv om verken legen eller fysioterapeuten trudde det. Etter runden på sjukehus for ein månad sidan, er det og godt å kjenna at heilt vanlege ting som det å gå ein tur går heilt fint. Eg håpar jo at det skal fortsetja å gå rett veg slik at eg etter kvart blir like sprek som eg var før, eller helst endå ein del sprekare. Eg følte i grunnen ikkje at fysisk aktivitet vart tyngre før heilt i dei siste åra. Det har sikkert med det å gjera at eg ikkje sprang maraton eller gjekk lange strabasiøse fjellturer då eg var 50, 40, 30 eller 20 heller… Eg slapp å ha slike erfaringar som samanlikningsgrunnlag. Eg føler at eg dei siste fire- fem månadane har fått ein forsmak på korleis det er å bli gammal når det gjeld fysisk aktivitet. Å bli gammal håpar eg at eg både skal akseptera og leva greitt med når den tida kjem, men eg må innrømma at eg drøymar om minst eit tiår til før eg blir «fodalause» på alvor. Det var det uttrykket morfar brukte om å vera dårleg til beins. Ein kunne og vera «hovdalause», då var ein distré eller ikkje heilt påskrudd tankemessig.

Eg veit godt at det verken er ein menneskerett eller ein sjølvsagt ting å vera frisk og sprek. Eg har vore kjempeheldig og hatt helsa på mi side i alle år. Eg veit og at nokon slit med store helseplagar heile livet, så fram til nå har eg verkeleg hatt helseflaks. Det å bli sett ut av spel litt, trur eg har gjort at eg har fått større forståing for korleis mange andre har det. Eg må seia at eg har stor beundring for dei som lever med kroniske sjukdommar og plager utan å gjera stort vesen av det. Me har alle levd dagen med den kroppen me «fekk tildelt då me stod opp i dag morges». Ingen av oss hadde noko anna val. Me burde alle ha stor respekt for at me veit lite om kva andre strever med og ber på enten det måtte vera fysisk og psykisk helse, sorger eller bekymringar. Det er lett å tenkja korleis andre burde forhalda seg til livet sitt når me ikkje er i deira sko.

Her heime liknar huset på ei hinderløype. Me skal få ny parkett i stova etter at den andre har tent huset vel i 45 år eller så. Alt er bore ut av stova eller flytta på slik at dugnadsgjengen, som bestod av Leif sine kameratar, fekk rive av den gamle parketten. I løpet av ei vekes tid skal den nye bli lagt av ein fagmann. Eg veit at mange elskar å pussa opp hus. Eg må innrømma at det ikkje er min lyst og styrke. Helst vil eg at alt skal stå der det alltid har stått, så slepp eg å bruka mykje ekstra tid på det. Eg liker å ha det fint, men er ikkje alltid så flink til å få det heilt til. Og tida mi har meir lyst på å bruka på så mykje anna. Leif står på som ein helt, sjølv om det vel strengt tatt ikkje er hans store lidenskap heller. Bare ein av oss har legeattest på at ein bør ta det litt med ro ei stund framover… Den personen kunne nesten tenkjast å misbruka den situasjonen. Det blir nok fint til slutt. Den nye parketten luktar forresten veldig godt av tre. Den lukta har eg alltid likt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget