Gå til innhald

28. mai

mai 28, 2026

Nå går vegen fort inn i sommaren. Måtte han bli oss alle vennleg.
Nå har eg sådd to posar blomsterfrø. Eg og Leif hadde kvar for oss bestilt ein gratis frøpose med markblomar som skulle vera spesielt fine for humler og bier. Det blir spennande å sjå kva som kjem opp. I bakhagen kjem det i alle fall både rabarbra og bær, så noko har me då fått til. Store hagefolk eller gartnarar kan me på ingen måte seiast å vera, men «utviklingspotensiale» er då eit fint ord. Nå har me i alle fall betre tid enn me nokon gong har hatt. Mai og juni er veldig travle månadar for dei av oss som jobbar i skulen, men det gjer me jo ikkje lenger, så då blir det eit reint prioriteringsspørsmål…

Huset er ein labyrint fordi det meste som var i stova har måtta tast ut av stova slik at me kunne ta av den gamle parketten og gjera klar for den nye. I morgon er handverkaren klar, så det blir spennande å sjå korleis det blir. Det er jo ein slags anledning til å sjå på heile stova med litt nye auge, kanskje ikkje alt skal inn igjen? Kanskje noko er veldig moge for utskiftning. Når bare bileta heng der er det lett å sjå at dei heng i eit litt rart system. Noko er planlagd og villa, men det må og innrømmast at ein del av veggene er dekorerte etter «ledig spiker- prinsippet». Det er ikkje eit mål for meg at stova skal vera attraktiv for Bonytt-reportasjar, men ordet
«utviklingspotensiale» kan sikkert brukast i denne samanhengen og. Elles så er eg einig med mi gamle farmor som sa «De e ikkje de som e i rommå så gjer huse te enn him, de e dei så bur der…»

Elles så har eg hatt ein nydeleg føremiddag i utestova i saman med Inger som var gjesten sin i dag. Det å ha mange timar i lag med gode venninner ute i sola er veldig fint. Det var framleis litt norske jordbær igjen i frå i går, og med Leif sine heimebakte surdeigsrundstykke og litt til vart det fin lunsj i dag og.

Eg slenger på eit spontanskrive dikt om å møta sommaren.

***

Me opnar døra og gjer oss klare,
snart skal me andektige ta steget
over grensa inn i sommaren.

Der skal me stå tause ei stund
med utstrekte armar og vidåpne auge.

Så skal me ropa eller synga
nesten unisont
med den stemma kvar av oss har fått utdelt
ver velkomen hit då, juni.

Dagane er framleis svale
og vinden rufsar oss framleis i håret,
men junilyset skal koma
det skal bita seg fast i dagane,
og skal nesten nekta å ta kvelden.

Det skal spegla seg i sjelene våre,
og utfordra oss lattermildt
til eit mildare og mjukare liv-

Ta det med tol,
skal sommaren kviskra.
Ver tolmodige slik eg er tolmodig.
Hugs eg skal vera her lenge,
og det skal de og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget