Passordet du brukte…

Kanskje nokon forstår sånn omtrent følelsen…
Passordet du brukte
Passordet du brukte er ugyldig,
for utdatert,
for gammalt,
for enkelt å gissa seg fram til,
du har brukt det før,
for få tal og store bokstavar,
for få andre teikn,
for kort, for langt, for upassande,
lag eit nytt,
det nye må ikkje lagrast,
på mobil, på papir, heime, på jobb,
i lomma, eller andre upassande stadar.
Kontakt systemansvarleg,
i kommunen, på jobb på mobilen, på i-paden.
Du er nekta tilgang,
prøv igjen neste år eller om ein halvtime.
Heidi
Kommenter innlegget