I natt har livet snudd på seg

I natt har livet snudd på seg
og blitt til ein septembermorgon
regnet vaskar glasrutene.
Nye tider skal koma
med nye håp.
Er det nå snart
at sverda skal smist om til plogskjær?
Er det i denne veka
spyda skal bli til vingardsknivar?
Kanskje me har nådd den nye tida
då me ikkje lenger skal lærast opp til krig,
tida då me skal hjelpa kvarandre
å finna vegar fram til fred?
Alt er nytt og alt er mogleg.
La oss saman gå ut
i Herrens milde septemberlys.
*
I arbeidet med den nye diktsamlinga mi skal eg ha ei eigen avdeling med dikt om krig og fred. Dette diktet er eg framleis i tvil om eg skal ta med. Speglar det håpet om fred på ein god nok måte, mon tru? Sidan det tydelegvis er skrive første september for eit år sidan fann eg ut at eg kunne leggja det ut her til åte for blogg- jurien…
Ha ein fin første september.
Heidi