Seint i august

Seint i august
Geiteramsen sin kvite ull
frå sprikande fingrar.
Gulfargane som skal eta opp det grøne,
raudkløver med brunt skjær under magen,
eitt og anna moge bringebær.
Gåsetrekk over himmelen,
ein genser over sommarkjolen.
Røsslyngen blømer i rosalilla
og humlene meskar seg i hekken.
Solsikkene står store og glødande
med soler av avskjed.
Alt dette er livet,
kviskrar dei.
Heidi
Kommenter innlegget